Vårsøg 4H melder:

Beheld namnet fram til årsmøtet

Vi i Vårsøg 4H har registrert at Vårsøghelga skiftar namn på grunn av opplysningane ordføraren la fram på tysdag. Vi har medkjensle med dei som har varsla og er berørt. Klubben har alltid vore fornøgd med namnet Vårsøg, og har fine minne frå turar til Kleiva. Dette er veldig trist. Vi kan, som ein organisasjon for barn, ta avstand frå det som har skjedd og byte namn, eller vi kan velje å skille mellom person, sak og kunsten og behalde det vi har. Det er eit dilemma vi står i. I prinsippet er 4H styrt av medlemmane (barn). Namnebyte vil bli ei sak for årsmøtet. Dei eldste, med rettleiing av vaksne klubbrådgjevarar, vil ta ei avgjerd om det blir byte eller ikkje. Fram til årsmøtet i november heiter klubben framleis Vårsøg 4H.

Powered by Labrador CMS