Johannes (5 år) selde årer og vann mange premier på lag med bestefar

Adventsfest i Dønnem bedehus

Det var den kaldaste dagen det året vi fekk møtast igjen. Vi var innbydd til adventsfest i det SANGomsuste Dønnem bedehus. Det hadde vore rydda, vaska og pynta på dagsvis. Faklar og lys frå alle vindauge møtte oss der vi stiltra oss over den snødekte vegen.

Gunnhild Meisingset ynskte oss velkomen og det var smil og nikk rundt kvart eit bord. 3 lys vart tent denne søndagen i advent og det kjendes godt å få syngja dei gode, kjende julesongane. Hans Orset frå søndagsskulekretsen måla og fortalde oss om Jesus som skulle kome, som vart fødd i ein stall og som vi ventar skal kome igjen.

Tradisjon tru var alle barna med på dramatisering av juleevangeliet. Lille Olai Bolme fekk si første rolle som Jesusbarnet i krybba. Stor stas for alle barna og kanskje like mykje for foreldre og besteforeldre som stod i kø for å få tatt bilete.

Matbordet i litjsalen bugna over med julebakst og anna godt. Det knitra godt i ovnen men denne ettermiddagen var det varmen frå dei mange smil rundt borda som gjorde godt.

Endeleg var det tid for åresalg. Kanskje var det å selje årer og dele ut gevinstar det aller kjekkaste for mange av barna. Og ingen fest med juletre på Dønnem bedehus utan juletregang. Stort å få gå hand i hand liten og stor og syngja O, jul med din glede.

Mange takk til komiteen/søndagsskulelærarane Ingunn Meisingset, Gunnhild Meisingset og Maria Fiske Eliassen. Dette vil vi oppleva igjen.

Innsendt av Mary-Ann Foldnes Fiske

Powered by Labrador CMS