Surnadal kommune melder:

Smilende kvinne i mørk blazer foran lys, ensfarget bakgrunn
Ingrid Fagerli har takka ja til stillinga som kommunalsjef Livsløp i Surnadal kommune.

Ny kommunalsjef Livsløp - Ingrid Fagerli tiltrer i juni 2026

Surnadal kommune er glade for å kunne melde at Ingrid Fagerli har takka ja til stillinga som kommunalsjef Livsløp. Dette skriv Surnadal kommune på si heimeside.

Ingrid bur på Storås og kjem frå stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg i Rennebu kommune, ei rolle ho har hatt dei siste seks åra. Ho har i tillegg brei erfaring frå både offentleg sektor og noko privat verksemd tidleg i karrieren.

Fagerli har utdanning frå Universitetet i Bergen, BI, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Hedmark, og har òg delteke i toppleiarprogrammet for kommune- og spesialisthelsetenesta.

Vi ser fram til å ønske Ingrid velkommen til Surnadal kommune frå starten av juni 2026. 

Med hennar solide kompetanse og omfattande erfaring er vi trygge på at ho vil bli ein viktig ressurs i arbeidet med å møte både moglegheiter og utfordringar for framtidas Surnadal kommune.

Powered by Labrador CMS