
Kommunen har oppretta ein lokal hjelpetelefon for dei som har vore utsett for overgrep
Tysdag ettermiddag informerte Surnadal kommune om at dei har oppretta ein lokal kontakttelefon for personar som har vore utsett for seksuelle overgrep. Bakgrunnen for dette er at fleire personar har meldt frå til kommunen om at dei har vore utsett for seksuelle overgrep då dei var mindreårige.
Tysdag ettermiddag kalla ordførar Hugo Pedersen inn lokalpressa i Surnadal, for å kome med ei kunngjering. Han starta med å fortelje at han som ordførar det siste året har vorte kontakta av, og hatt samtaler med, fleire personar som har fortalt at dei har vore utsett for seksuelle overgrep da dei var mindreårige. Overgrepa ligg langt attende i tid.
Personen som er skulda for desse overgrepa vert ikkje navngjeve, men det går fram av kunngjeringa at vedkomande er død for mange år sidan, og derfor ikkje kan forsvare seg mot alvorlege skuldingar eller straffeforfølgjast.
Kommunen kan ikkje svare på om denne saka vil bli etterforska av politiet. Det blir opp til dei som har vore utsett for overgrep om dei vil kontakte politiet.
Kommunen sitt mål med å gå ut med dette er å strekkje ut ei hand og hjelpe dei som er berørt, og kommunen har derfor oppretta ein lokal kontakttelefon. Dei som svarer på dette telefonnummeret er erfarent helsepersonell med teieplikt, og dei som ringer inn kan gjerne vere anonyme. Ein bestemmer sjølv kva ein vil snakke om og kor mykje ein vil fortelje.
Ordføraren sa i kunngjeringa at han ikkje har nokon grunn til å tvile på det som har vorte fortalt til han, og at dei som er ramma har vorte påført store og langvarige belastningar. Vidare sa han at det er er grunn til å tru at fleire enn dei han har snakka med kan ha vore utsett for overgrep, og at dei kan ha bore på det i det stille.
Anerkjenner historiene
Pedersen understrekar at kommunen si anerkjenning av dei utsette sine historier er motivert av moralske og etiske grunnverdiar.
Han uttalte vidare at kommunen har plikt til å avverge overgrep, og til å hjelpe dei som har vore, og måtte bli, utsette for slike krenkingar.
– Det er krevjande for eit lokalsamfunn er knytta til ein person med høg kulturell status. Vedkomande har hatt ei viktig rolle i bygda som diktar og kulturformidlar, og mange har gode minner og opplevingar knytt til det, sa Pedersen, og heldt fram:
– Samtidig veit vi no at fleire har vonde opplevingar og minner, og det er vanskeleg å halde fast ved at begge desse opplevingane kan eksistere samtidig. Likevel er det nødvendig at vi som lokalsamfunn klarer å gi rom for det, og saman kan gå vidare som eit fellesskap.
Må møte dette med åpenheit, respekt og støtte
Ordføraren sa at Surnadal kommune uttrykker djup respekt for dei som no har stått fram og delt sine historier.
– Vi forstår at det krev stort mot, og vi anerkjenner den smerta og den uretten dei har opplevd. Som lokalsamfunn tek vi sterk avstand frå dei handlingane desse personane har fortalt om, og håper at andre som har opplevd, eller opplever, overgrep søker hjelp og støtte.
Vidare sa ordføraren at det kan vere vanskeleg å forstå kvifor slike historier kjem fram først no, men erfaringar frå andre lokalsamfunn viser at det ofte tar lang tid før overgrep bli fortalt om.
– Det gjer det ekstra viktig at vi som samfunn møter desse historiene med åpenheit, respekt og støtte, sa han.
– Aldri for seint å søke hjelp og støtte!
Surnadal kommune tek no ansvar for å bidra til at dei som er ramma skal få hjelp, og har derfor oppretta eit eige telefonnummer som ein kan ringe. Tilbodet gjeld både for dei som sjølv har vorte utsett for overgrep, for pårørande og for andre berørte, uavhengig om dette er knytt til den aktuelle saka, eller andre saker. Meir informasjon om dette ligg no ute på Surnadal kommune sine nettsider.
Den lokale kontakttelefonen vil vere open ut september. Ein kan alltid kontakte nasjonale hjelpetelefonar, og nummera til desse hjelpetelefonane er lista opp i meldinga på kommunen sine nettsider.
– Eg oppfordrar alle som treng det om å ta kontakt. Det er aldri for seint å søkje help og støtte, sa ordføraren.