Surnadal kommune melder:

Surnadal kommunevåpen

Det blir koronavaksinering i heile sommar

Surnadal kommune har samanfatta det viktigaste om koronavaksineringa i vår og i sommar, slik at folk veit kva dei har å forhalde seg til i god tid.

I Surnadal kommune er om lag 1500 personar vaksinerte med dose 1. Oppslutninga om vaksineringa er så høg som opp mot 95%. Dette er særs gledeleg og ligg godt over landsgjennomsnittet. Dei neste vekene ut mai månad, held vi jamn fart med vaksinering av gruppe 4 (65 – 74 år) og personar 18 – 64 år med forhøga risiko. - Dersom nokon over 70 år ikkje har fått SMS-innkalling med tilbod om vaksinering, ta kontakt via kommunens Vaksinetelefon, seier Gunn Heidi Ansnes, vaksinekoordinator i Surnadal kommune.

Liv og helse først – også i sommar

Mot sommaren aukar vaksineringstempoet. Vaksineleveransane til Norge og vidare ut til kommunane, tek ikkje sommarferie. Dette har FHI bestemt.

For å sikre raskast muleg vaksinasjon av befolkninga sender FHI ut vaksinedoser fortløpande til kommunane kvar einaste veke i sommar, etter kvart som dei kjem inn til landet. Slik det ser ut no vil det komme store leveransar frå Pfizer i løpet av juni, juli og august. Kommunane skal vaksinere 2 til 3 gonger fleire i veka enn det vi gjer no. Dette inneber ein stor logistikk-jobb for alle involverte som stiller opp både på jobb og som frivillige vaksinevertar for oss andre gjennom sommaren.

Anbefalt doseintervall for vaksinetypen frå BioNTech/Pfizer er 6 veker (minimum 3 veker). FHI gir oss ingen fleksibilitet i distribusjonen av vaksiner verken til dose 1 eller dose 2 i sommarferien, og baserer leveransane til kommunane på 6 vekers-intervallet. Heile vaksinerings-logistikken er bygd opp kring dette for å sikre vaksinering av alle til rett tid. Vi må difor be innbyggarane om å forberede seg på streng praktisering av vilkåra for å få utsett dato for vaksinering i sommar.

Litt fleksibilitet før dose 1, men ikkje ved dose 2

Når du takkar ja til dose 1, må du innstille deg på dose 2 om 6 veker. Før du takkar ja til dose 1 bør du difor sjekke at dose 2 ikkje vil inntreffe akkurat den eine veka familien har feire samtidig, du skal i konfirmasjon eller har time på sjukehus. Ta i så fall kontakt med Vaksinetelefonen FØR du takkar ja til dose 1! Dette gjeld også dersom t.d. turnusbedrifter eller andre bedrifter ser at for mange tilsette blir kalla inn til vaksinering samtidig, slik at bemanningssituasjonen kan bli kritisk.

-Vi har mulegheit til å utsette dose 1 til ei veke seinare, men når du først har takka ja til dose 1 , er løpet lagt. Vi har rett og slett ikkje mulegheit til å tilpasse vaksineringsdato for dose 2 av individuelle årsakar som ikkje er strengt nødvendige.

Doseintervall og nøkternt vaksineringsscenario

Vi forsøker å kalle inn i 1-2 veker i forkant, slik at ein eventuelt rekk å reise heim frå hytta for å bli vaksinert. Det er nok ikkje lurt å legge altfor store planer eller bestille kostbare ferieopphald dersom du ikkje er vaksinert. Det er vanskeleg å spå når akkurat du blir kalla inn til vaksinering i sommar, men grovt sett kan ein ta utgangspunkt i eit nøkternt vaksineringsscenario frå FHI og rekne seg 6 veker fram til dose 2.

Med forbehald om at vaksineringa kan gå både raskare og seinare, har FHI førebels berekna forventa tilbod om dose 1 til ulike grupper slik:

· Alle med underliggande sjukdom: Dose 1 innan midten av mai

· 55 – 64 år: Dose 1 innan 1 veka i juni

· 45 – 54 år: Dose 1 innan 3 veka i juni

· 18 – 44 år: Dose 1 innan 3 veka i august


Når det gjeld frykt for biverknader etter dose 2 i ferien, vil dette vere individuelt. Ikkje alle får biverknader. Dei som har arbeid som årsak til ønske om å utsette dose 2 skal vite at dei mest truleg vil kunne gå på jobb, også etter dose 2. Dette kan ein sjølvsagt aldri garantere, men på generelt grunnlag kan vi ikkje råde nokon til å utsette å ta dose 2 grunna arbeid, bortsett frå nemnte unntak. Fredag er dessutan fast vaksineringsdag i Surnadal kommune, også i sommar.

Vi minner igjen om at ein ikkje er fullgodt beskytta mot sjukdom før etter at ein har fått dose 2, sjølv om dose 1 gir godt vern mot sjukdom etter eit par veker. Alle skal også ha dose 2 i same kommune som ein får dose 1. Dette gjeld både no og under ferieavviklinga.

Oppslutninga om koronavaksineringa er alfa og omega for gjenopninga av samfunnet. Ingenting er difor viktigare denne sommaren enn å vere tilgjengeleg og få vaksinert seg når tilbodet kjem.

Powered by Labrador CMS