Surnadal kulturhus melder:

Surnadal kulturhus – i påska

Informasjon om når huset og biblioteket er ope – og kvifor kinoen ikkje er det.

Surnadal kulturhus har avvikande opningstider i påska og er ope til desse tidene:

Søndag 28.03 : kl. 13.00–21.00 Måndag 29.03 : kl. 07.00–22.30 Tysdag 30.03 : kl. 07.00–22.30 Onsdag 31.03 : kl. 07.00–22.30

Kulturhuset er stengt resten av påska (01.04–05.04) og opnar igjen frå tysdag 06.04.

Surnadal bibliotek har avvikande opningstider i påska og er ope til desse tidene:

Måndag 29.03 : kl. 11.00–15.00 Tysdag 30.03 : kl. 11.00–15.00

Biblioteket har ikkje ope etter dette før tysdag 06.04, MEN…

…dei som har ordna seg med «meirope tilgang» (kan logge seg inn og låne sjølv) har tilgjenge:

Måndag 29.03 : kl. 15.00–20.00 Tysdag 30.03 : kl. 15.00–20.00 Onsdag 31.03 : kl. 08.00–20.00

Har du ikkje ordna deg slik tilgang og vil ha det: ta deg ein tur i opningstida til biblioteket og bli registrert (aldersgrense: 18 år).

Surnadal kino blir stengt inntil vidare. Ein har frå nasjonalt hald oppmoda om å avgrense opne arrangement i heile landet. Det gjeld, så langt, fram til 12. april.

Så er du ikkje altetande når det gjeld påskekrim og saknar noko anna å sjå, anbefaler vi ein tur til biblioteket for å låne film av dei.