ANNONSE:

En persom som står på en fjelltopp med flere fjell rundt, og en fjord nedenfor.
Fedrelandet

Strikkekino i Surnadal

Tysdag blir det strikkekino på kulturhuset, men før den tid kan ein også bli betre kjent med «Fedrelandet».

For å gjera unna strikkekinoen først: tysdag 5. september kl. 19.30 blir det dempa belysning i kinosalen, slik at det blir muleg både å handtere strikketyet og sjå oppfølgaren av Book Club på lerretet.

Fire damer som tar felles selfie.

I BOOK CLUB: THE NEXT CHAPTER dreg dei fire bokklubbvenene på jentetur til Roma. Og da det viser seg at den eine, spelt av Jane Fonda, har forlova seg, bestemmer dei seg for å halde utdrikkingslaget i same rennet. Forutan Fonda, er det fleire kjente namn med i filmen, som Candice Bergen og Diane Keaton. Filmen blir også vist fredag 1. september og torsdag 7. september kl. 13.

FEDRELANDET er ein norsk dokumentar laga av ein meister av slike: Margareth Olin. Denne gongen tek ho m.a. med seg sin 85 år gamle far tilbake til Oldedalen i Nordfjord, der faren vaks opp. I FEDRELANDET handlar om den norske naturen og kor nær den er oss. FEDRELANDET går søndag 3. september kl. 20, og så på dag- og kveldstid i neste veke.

LEGENDEN OM DE SMÅ HELTENE er ein animasjonsfilm som passar alle og reklamerer med at det er «sommerens mest episke, søteste og morsomste familieeventyr» basert på dei greske mytene. Vel, sjølskryt er vel og bra. Om det stemmer, kan ein finne ut på Surnadal kino fredag, søndag og onsdag kl. 18.

Powered by Labrador CMS