ANNONSE:

Barbie

Kinohelg å sjå fram til!

Ein skal leite lenge etter større kontrastar enn Oppenheimer, «far» til atombomba, og Barbie. Men kritikarane ser ikkje den store forskjellen: begge filmane har fått svært gode kritikkar!

Oppenheimer
Oppenheimer

Surnadal kino viser OPPENHEIMER på premieredagen, fredag 21. juli kl. 19.30, filmen som også har eit lite norsk bidrag i form av Trond Fausa (Aurvåg). Filmen handlar om J. Robert Oppenheimer, som iherdig deltek i eit kappløp frå 1943 om å lage ei atombombe, før Nazi-Tyskland klarar å gjera det same. Og drivkrafta er å få ein ende på verdskrigen.

Ein kan ramse opp i det vide og breie om alle dei kjente skuespelarane som er med, men namnet på regissøren er kvalitetsstempel godt nok: Christopher Nolan har filmar som «The Dark Knight», «Inception» og «Dunkirk» å vise til. Og kan nok ein gong bade i gode kritikkar: «Strålende krigsbiografi» (NRK), «fengslende, blendende» (Dagbladet) og «filmperle uten en eneste kjedelig scene» (Kinomagasinet).

OPPENHEIMER går også søndag kl. 19.30, tysdag kl. 12 (honnørrabatt på denne, for dei som har rett på slik) og torsdag kl. 18.

Barbie

Og så skulle ein tru den andre premierefilmen i helga, BARBIE, blir meir som ein parentes. Men filmen er ikkje utilsikta glatt og flau: «BARBIE er en leken og frisk blanding av hyperkommersiell nostalgi og selvbevisst satire som bader i sol, sterke farger og plast», skriv NRK og landar på fem på terningen – og som ikkje skil seg frå andre meldarar: «en av årets beste og mest rosa filmer», skriv Bergens Tidende og Dagbladet følger opp med å kalle filmen ein «latter- og tankevekkende konfettikanon». Kort sagt: Margot Robbie og Ryan Gosling stiller ikkje i kva som helst, så ikkje undervurder BARBIE (og Ken)…

BARBIE går først søndag 23. juli og så tidleg som kl. 17. Same tid onsdag og torsdag går den på dagtid (kl. 13).

Mission impossible

Men sjølv om MISSION IMPOSSIBLE har gått ei stor veke no, er den langtfrå ferdig. Besøket har vore strålande, og dei som ikkje har sett filmen, får sjansen igjen tysdag 25. juli kl. 18 og onsdag 26. juli kl. 19.30.

Og les du dette før torsdag 20. juli kl. 18, er det også muleg å få med seg animasjonsfilmen ELEMENTAL. For på ei helg der OPPENHEIMER møter BARBIE, er alt muleg!

Powered by Labrador CMS