ANNONSE:
Høstgule blader på Surnadal kino
Endeleg tid for litt “finsk fjernsynsteater” i Surnadal!
Eller; dette er langtfrå berre nordisk tristesse – det ligg alltid innbaka eit håp, ein slags happy ending, i filmane til den finske meisterregissøren Aki Kaurismâki.“Skjønn og sjarmerende filmperle”, skriv NRK, og legg til: «HØSTGULE BLADER er en romantisk komedie med enkle konflikter, underspilte figurer og store mengder tørrvittig humor på Sahara-ørken-nivå.” Og meir enn det kan ein da ikkje ønske seg? HØSTGULE BLADER blir vist i filmklubben onsdag 6. november kl. 13.
Elles er det mykje norskprega på kinolerretet dei komande dagane.
Neida, Astrid Lindgren er ikkje norsk – men det er norske Qvisten Animation som har sett saman møte med fleire Lindgren-figurar i den knapt time lange JUL MED ASTRID LINDGREN.
For dei eldre går filmen om motstandsmannen Gunnar «Kjakan» Sønsteby. «NR. 24, som var ett av hans kodenavn, er en spennende og troverdig skildring av hans handlinger og opplevelser under andre verdenskrig», skriv NRK og trillar til fem på terningen.
Den koselege julefilmen TRE MENN TIL VILMA har premiere 8. november, basert på romanen til Gudrun Skretting.
Vil du ha det langt meir ukoseleg på kino, er det berre å trekke kølapp når dei to amerikanske filmane SMILE 2 og TERRIFIER 3 kjem seinare i november.
Heldigvis går det an å gå til traumebehandling etterpå ved å sjå ASKEPOTE – nok ein norsk animasjonsfilm, marknadsført som «Årets store juleeventyr» og med premiere 8. november.
Meir om filmane og forestillingstider finn du på https://surnadal-kulturhus.no/