ANNONSE: Surnadal Kulturhus

Jens Petrus Andersen i «Den første julen i Skomakergata»

Skomakergata, 6650 Surnadal

Til helga er det ordinær premiere på «Den første julen i Skomakergata», og Jens Petrus har faktisk flytta inn i kulturhuset på Skei.

Med hovudsakleg ispinner som bygningsmateriale står skomakarhuset utstilt i foajeen på kulturhuset. Bygningsmeister er Astrid Teilgård, og motivasjonen er julekalenderen som gjekk på NRK:

- Det blir ikkje skikkeleg jul før eg har sett oppatt «Skomakergata», fortel ho.

Huset til Jens Petrus er bygd opp av ispinner, litt papp – og sandpapir for å få til ein ruglete grunnmur. Og så er det spedd på med litt fyrstikker til finsnekkeringa.

Byggeprosessen tok ein månad. Men det ho har under arbeid no, Flåklypatoppen, tek nok lengre tid – for når ein skal bygge opp eit heilt fjell, blir det langt meir «grunnarbeid».

Skomakergata
Skomakerhuset

Skomakergata-filmen er ein av fleire nye filmar som går på kinoen. THE MARVELS (12 år) er nok ein popcorn-film i Marvel-universet. Held du til inni det, finn du sikkert glede i denne også. Om ikkje, kan ein rote seg litt bort i karakterar og handlingar som refererer til tidlegare filmar.

The Marvels

På tysdag kjem MAVKA – SKOGENS SJEL (6 år), ein animasjonsfilm med handling frå dei ukrainske skogane. Mavka er ei ung skogsånd som kjem i skvis mellom eiga verd og menneska si og må arbeide for å lage fred dei imellom. Særs aktuell ukrainsk film, med andre ord. Fagbladet Cinema melder at dette er eit «storslått magisk eventyr»: ein «perfekt familiefilm» som fortener fem på terningen.

Mavka
Mavka – Skogens sjel

Onsdag 15. november kl. 12 er det seniorfilmklubb igjen, og denne gongen den ferske kritikarroste belgiske filmen CLOSE. Fleire rulla ut seks-arar til denne oppvekstskildringa, m.a. NRK: «En av de vakreste, vondeste og varmeste filmene på lenge.»

Close

Heile programmet finn du på https://surnadal-kulturhus.no/pa-kino-na/

Powered by Labrador CMS