ANNONSE: Surnadal kino

Mange gode kort på kinoen no

… og Seniorfilmklubben tek det første STIKKET.

For det er klassikaren frå 1973, med Robert Redford og Paul Newman, som er sett øvst på plakaten i filmklubben denne vinteren. Onsdag 24. januar kl. 12 blir det ragtimemusikk og «høk-over-høk» (eller «skurk-lurar-skurk», som kanskje er meir forståeleg i dag). «The Entertainer», musikken frå STIKKET, vil dei fleste kjenne att. Radarparet Redford/Newman laga berre to filmar saman, og både denne og «Butch Cassidy & The Sundance Kid» må reknast som solide klassikarar.

Seniorfilmklubben viser yngre og eldre film og alle er velkomne til dette filmtilbodet på dagtid.

Det er kommersielt ei lita «dau-tid» på kinoane no, men kvalitetsmessig blir det vist filmar som vil bli ranka mellom dei aller øvste i år. POOR THINGS (15 års aldersgrense) er nominert til fleire prisar under Oscars-utdelinga i mars. Konkurransen er særs hard i år, men det dryp sikkert noko på POOR THINGS også, som er «en helt ellevill fabel» og «et festlig fyrverkeri av en film som er noe av det råeste jeg har sett på lenge», skriv NRKs meldar.

Filmplakat "Poor Things"

POOR THINGS blir vist søndag 19. januar kl. 19 og onsdag kl. 20.

Den andre ganske nye vaksenfilmen er VERTSHUSET THE OLD OAK (12 år), som er annonsert å vere den siste filmen til ein som har levert kvalitetsfilm gjennom nærare 60 år; 87 år gamle Ken Loach. I motsetnad til regissørar flest, kvir ikkje engelske Loach seg for å lage realistiske filmar frå eiga samtid. Og treff han på skildringa, treff han også hjartet til dei som ser på. Og det gjer han også i VERTSHUSET THE OLD OAK, som NRK skriv er «nok en varm, sterk og human film» frå ein regissør som vil noko med filmane sine.

Filmplakat "The old oak"

VERTSHUSET THE OLD OAK blir vist tysdag 23. januar kl. 19.30 og til same tid torsdagen.

Det er lite barnefilm tilgjengeleg, så i påvente av nye filmar, går BUKKENE BRUSE PÅ BADELAND (søndag 21.01 kl. 17) og ENDER PÅ EVENTYR (onsdag 24.01 kl. 18).

Og for dei som såg LINDMO på NRK for ei veke sia: den (nord)norske dokumentarfilmen SAU har premiere på kulturhuset den komande helga.

Powered by Labrador CMS