ANNONSE - Surnadal kulturhus:

En mann i gammeldags hjelm,

Klar for Konvoi

Dei tre bukkane okkuperte det meste av kinoforestillingar i romjula, men no skal alle få sjansen til å sjå den svært kritikarroste norske krigsfilmen KONVOI.

Filmen tek for seg eit katastrofalt militært feilgrep frå 2. verdskrigen der ein konvoi av transportskip på veg frå Island og til Murmansk får ordre om å splitte opp og gå på eigen hand vidare.

I filmen følgjer vi eit norsk skip der ein anar visse gnissingar mannskapet i mellom, naturleg nok etter lang tid med psykiske påkjenningar og tap av kjente. Lettare blir det ikkje når konvoien og skipet blir utsett for angrep både frå luft og vatn.

KONVOI (12 års-grense) har, som nemnt, fått strålande omtale i pressa og snittet legg seg vel på ein sterk 5-ar på terningen. Anders Baasmo (som han no kallar seg) og Tobias Santelmann har hovudrollene. Begge er kjent frå t.d. fjernsynsserien EXIT, men er nok meir prega her, sveitte, utslitne og med hentesveis.

KONVOI blir vist både på dagtid og kveldstid den første veka på nyåret.

Det var 400-500 som fekk med seg BUKKENE BRUSE I BADELAND i romjula. Fleire har no sjansen til å få med seg dette absurde eventyret. Og AQUAMAN AND THE LOST KINGDOM får også ein siste sjanse før den blir avløyst av andre filmar.

Kinooversikta finn du her: https://surnadal-kulturhus.no/pa-kino-na/

 

 

Powered by Labrador CMS