ANNONSE: Surnadal kino

Naturmagi
To nye filmar i Surnadal denne veka med bilde ein blir mållaus av.
SKAL HILSE FRA NATUREN kjem i filmklubben onsdag kl. 12. Asgeir Helgestad er vår mest prisvinnande naturfotograf og det kjem tydeleg fram i denne poetiske hyllinga av norsk natur. «Kanskje tidenes norske naturdokumentar», skriv Aftenposten, og kritikaren til Bergens Tidende konstaterer at SKAL HILSE FRA NATUREN er «en film som innimellom slår pusten ut av meg». Helgestad er heftig begeistra, og litt bekymra, for det han opplever ut i det fri, og har laga «en kjærlighetserklæring til naturen» (NRK).

Det blir også fantastiske naturbilde i SKI, som har premiere fredag. Det er også ein dokumentar som «er helt spinnvilt vakkert» (iTromsø), men SKI inneheld i tillegg møte mellom to ungdomsvener som gjekk kvar sin veg. Dei hadde «galskapskjøringa» på ski til felles, men staka ut kvar si løype i ungdomstida. Den eine vart ein kjent profilert frikjørar, mens den andre tvert om søkte dei stille, einsame opplevingane i naturen – fri frå sosiale media og jakta på «likes».
No planlegg han ein eventyrleg tur i Lyngsalpene, og den tidlegare venen vil henge seg på.
Laurdag blir det filmklubb igjen der ein er «flue på veggen» heime hos den hyggelege familien Höss. Dei bur i ein nydeleg villa med fantastisk hage rett utafor Auschwitz, konsentrasjonsleiren som Rudolf Höss er sjef for. THE ZONE OF INTEREST vann Oscar som beste internasjonale film i fjor.

Elles viser kinoen KJÆRLIGHET og NOSFERATU for siste gong tysdag 28. januar. PADDINGTON I PERU og BETTER MAN, den noko underlege historia om entertaineren Robbie Williams, blir vist fleire gonger denne veka. Gå inn på https://surnadal-kulturhus.no/ for å finne tider.