
Saltokonkurranse i Molde
Sundag 27. April reiste 18 unge og håpefulle turnarar frå Surnadal til Molde. Målet for reisa var SALTO-konkurransen i Molde turnhall.
Omgrepet SALTO tyder i turnsamanheng for sosial, allsidig, leik, turn og oppvisning. Vi kan trygt seie at alle deltakarane fekk full skår på dei fem parametrane. Sjølvsagt under meget kyndig leiing av Friederike Zwick.
For utøvarane står nok det sosiale i like høg kurs som det å konkurrere. Utøvarar på tvers av aldrar støttar og bidreg til at alle føler at dei blir inkludert. Når ein i tillegg har gode rollemodellar i dei eldste, så er turn ein trygg arena for dei aller fleste.
Fyrst ute var aspirantane som går 3. og 4. trinn. Dei hadde oppvisning på matte, hopp og trampett. Det var tydeleg at dette var noko dei hadde øvd lenge på, og alle klarte å behalde roen undervegs. Turnarane viste god disiplin og var riktig så profesjonelle. Etter konkurransen, fekk alle med seg ein pokal heim til ode og eie. Ekstra stas for denne gjengen, var at «gamletrenaren» Inger Emilie Grøytan Øye tok turen frå Ålesund for bidra.

I klassen rekrutt, dei som går på 5. – 7. trinn, kom Maria Moen kom på ein solid 3. plass. For juniorar kom Elke Zwick på andreplass og tok ein fyrsteplass frittståande. Det krevst eit solid grunnlag for å kome så langt i slike konkurransar, og desse resultata vitnar om at alt er mogleg om ein tolmodig, trenar nok og ikkje minst riktig. Kanskje det aller viktigaste, er at det sosiale samspelet i gruppa fungerer godt, noko turngruppa i Surnadal er eit levande bevis på.


