Reidar Brøske (f.v.), Lilli Husby, Hilde Staveli Solli og Lars Sæther i samband med gjenopning av Surnadal Frivilligsentral og Surnadal Ungdomsklubb.

Gjenopnar frivilligsentral og ungdomsklubb: – Det er på tide

10. mars i år opna Surnadal frivilligsentral og Surnadal ungdomsklubb dørene for første - og så langt einaste - gong. Etter sju månader med koronastengt er det endeleg klart for gjenopning.

Publisert

– Vi er overlykkelege for at vi no kan opne igjen.

Det seier Hilde Staveli Solli, dagleg leiar for frivilligsentralen og ungdomsklubben.

– Det vart eit skikkeleg antiklimaks då vi opna 10. mars og måtte stenge igjen den 12. Sjølv om stenginga var nødvendig, grunna korona, har det vore forferdeleg å måtta halde stengt i sju månader.

Solli kunne tysdag fortelje lokalpressa at det allereie er stor pågang frå aktørar som har lyst til å bruka lokala:

Det er dagsenter i lokala til frivilligsentralen, måndag til og med onsdag kvar veke – i første omgang ut januar månad, og måndag kveld heldt Folkeakademiet og språkcafeen sin der.

– I tillegg vil Surnadal pensjonistlag ha kafédag på fredagar, der alle er velkomne. Så vi ser at det er mange som er glade for at vi er i gang. Dette er etterlengta, seier den daglege leiaren, og legg til:

– Eg trur mange er spente på korleis frivilligsentralen og ungdomsklubben blir, og vi gler oss til å utvikle dette tilbodet over tid.

Hilde Staveli Solli.

Ungdomsklubb kvar torsdag

Torsdag 22. oktober er det klart for første dag med open ungdomsklubb sidan mars.

– På grunn av smittevernreglane kan vi ikkje ta inn alle trinna på ungdomsskulane samtidig, så vi har sett opp ein turnus med rettferdig tildelt tid til to av tre trinn kvar torsdag. Det er det beste vi får til akkurat no, seier Solli.

Først ut er 8. og 9. trinn, som vert ønska velkomne til gjenopna ungdomsklubb henhaldsvis frå 17.00-18.30 og 19.00-20.30 førstkomande torsdag.

Samtidig som tysdagens pressetreff, var Trollheim Reklame i full gang med å montere folie på ein av veggane i ungdomsklubben. Motivet er det ungdommane sjølve som har fått velje.

Rickard Larsson fra Trollheim Reklame i aksjon. Her monteres det folie på en av veggene i Surnadal Ungdomsklubb. (Bla for flere bilder)
Surnadal Ungdomsklubb
Rickard Larsson monterer folie på veggen.

Som følgje av økonomiske tilskott frå FriFond og Laget Vårsøg, har det vorte kjøpt inn nytt utstyr, som mellom anna prosjektor, lerret, høgtalarar og Playstation 4.

– Har gjort ein framifrå jobb

Kultursjef Lilli Husby er glad for at frivilligsentralen og ungdomsklubben no kan starte opp att.

– Det er på tide, slår ho fast, og får støtte av dagleg leiar Solli. Ho forklarar at mangel på reinhaldar er årsaka til at det har teke tid å få gjenopna, men at dette no er på plass.

Alle nødvendige smitteverntiltak vert tekne i samband med gjenopninga.

Styremedlem i frivilligsentralen, Reidar Brøske, delte ut blomster til Hilde Staveli Solli i samband med gjenopninga. Han rosar den store jobben ho har gjort.

– Hilde har gjort ein framifrå jobb, både fram mot den første opninga, i perioden det har vore koronastengt og no med gjenopninga. Med blomstrane signaliserer styret at vi ønskjer å vere til hjelp og støtte, seier han.

Heimesidene og Facebook-sidene til frivilligsentralen vil verte oppdaterte med komande arrangement, og det same vert den nyoppretta Facebook-sida til ungdomsklubben.

Reidar Brøske deler ut blomster til Hilde Staveli Solli i forbindelse med gjenåpning av frivilligsentral og ungdomsklubb.
Powered by Labrador CMS