ANNONSE:

Lars Steinar Ansnes på et bilde med et landskap i bakgrunnen. 'Fintenkjarplassen' står skrevet på bildet
Landskapsbilde fra omslaget til boka

Boklansering med mykje attåt

Fintenkjarplassen er staden Lars Steinar Ansnes spankulerer til for å spekulere på det meste. Fysisk er plassen avgrensa til ein haug på Kvennbøtæla, men mentalt sett finst det ingen grenser på kva ein kan fintenkje på.

Og grenser finst det heller ikkje om ein nyttar internettet for å sende desse tankane frå Tæla og ut i «væla».

Men no har Lars Steinar også samla nokre av sine finuttenkte innlegg i ei eiga bok, og den blir lansert på Surnadal bibliotek torsdag 16. november kl. 19.30.

Der vil bror Ole Magne samtale med Lars Steinar om boka. Ole Magne vil også ta med seg nokre gamle vinylplater og sette stiften ned i spor som tonar fram gamle minne for brørne.

Alle er velkomne – og det er sjølvsagt, som alltid, fri inngang på biblioteket.

Dei som vil, kan også få kjøpt boka, og forfattaren signerer også villig vekk.

«Den kulturelle spaserstokken», Heimbygdlaget i Surnadal og Nordmøre Mållag er medarrangørar. Dei to laga vil kort presentere årets «Du er mitt Nordmøre» og bidra med enkel servering til dei oppmøtte.

Boklanseringa er det andre forfattarmøtet den veka: måndag 13. november kl. 18 samtalar Sverre Årnes og Svein Sæter om førstnemnte sine mange sideprosjekt – som Fantomet, James Bond og Vangsgutane.

Plakat for boklansering på biblioteket i Surnadal 16. november klokken 19.30
Powered by Labrador CMS