Surnadal folkebibliotek melder:

43 000 sider passert

Sommarles-kampanjen i Surnadal går unna; lesar for lesar, side for side, bok for bok.

Så langt, ei stor veke uti kampanjen, er 114 unge surnadalingar med på «Sommarles». Målet er å få med minst 20-30 til, slik at ein kjem seg på nivå med tidlegare år. Sommaren er nyleg starta (eller ferdig; ein veit aldri med vêret her), så det går venteleg bra.

Desse 114 har, så langt, tilsaman lese 608 bøker og totalt 43 000 sider.

Kva er «Sommarles»?

Det er ein lesekampanje gjennom biblioteka for unge frå 1. klasse (også for dei som startar til hausten) til 7. klasse (medrekna dei som går ut no i vår). Forutan å stimulere til leselyst, skal kampanjen også bidra til at desse held på, og utviklar, leseferdigheitene gjennom skuleferien. Og akkurat det er særs aktuelt, da det nyleg var klaga over kor stort læringstap det er gjennom ein lang sommarferie – og at ein må bruke veker først på skuleåret for å få elevane tilbake på det nivået dei var på våren. Er ein med på Sommarles, vil ein altså venteleg gjera skulestarten lettare med omsyn til leseferdigheiter.

Korleis blir ein med på «Sommarles»?

Gå inn på sommarles.no og registrer deg. Du, eller ein av dine føresette, må ha registrert eit lånarnummer på biblioteket. Og har du ikkje lånekort sjølv, og vil ha, er det berre å kontakte biblioteket (om det ikkje passar å kome i opningstida, kan de sende e-post til biblioteket@surnadal.kommune.no).

Kvifor vil så mange vere med på «Sommarles»?

Det enkle svaret er at det er sabla artig eller spennande å lese! Dessutan hjelper det også på motivasjonen at det er mykje spennande å finne (og digitale trofe å vinne) inne på nettsida til Sommarles. Og når du har lese så-og-så mange sider, vil du også vinne fysiske premiar som kan hentast på biblioteket.

Og alt er sjølvsagt, som det alltid er for tilbod på biblioteket, gratis.

Powered by Labrador CMS