ANNONSE: Surnadal IL Barneidrett

Bukkene Bruse i Badeland

Gratis kino til enda fleire

Barneidretten i Surnadal følgjer opp kinojulegåva til Surnadal kommune.

Surnadal IL barneidrett syntest Surnadal kommune sitt initiativ med gratis julekino var så fint at dei ville vere med på leiken. 

For at enda fleire familiar kan nytte seg av tilbodet, spanderer gruppa saman med sponsorane Sparebank 1 Nordmøre og Svorka kinobillettane til to forestillingar.

Fredag 29. desember kl. 13 og kl. 15 viser Surnadal kulturhus Bukkene Bruse i Badeland. Billettane er gratis og kan hentast ut i kulturhus-resepsjonen frå fredag 15. desember. Det er 100 billettar tilgjengelege til kvar forestilling. 

Om datoen ikkje passar, minner gruppa om at Surnadal kommune inviterer til gratis forestilling onsdag 27. desember. I tillegg er det fleire ordinære visningar av filmen i romjula. 

Barneidrettsgruppa vil takke sponsorane for godt samarbeid og ønskjer alle god jul!

Powered by Labrador CMS