Storfin og overraskande julegåve til SKUV
Måndag morgon kalla styret i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank inn til pressekonferanse på Surnadal kulturhus, der agendaen rett og slett at dei ville spreie litt juleglede.
Sparebankstiftelsen var representert med dagleg leiar Karina Wigum, styreleiar Jostein Kvendset, styremedlemmene Linn Hamnes, Nils Inge Aasgård og Mari Vattøy.
Karin Wigum opna pressetreffet med å seie at dei ønskte å gje ei julegåve i form av ein gåvesjekk på to hundre tusen kroner til SKUV, for den viktige jobben dei gjer som kulturberar i lokalsamfunnet gjennom dei kulturarrangementa dei allereie har hatt, og dei som kjem i framtida.
– Jeg vet dere har mange gode ting å bruke pengene på, og vi har stor glede av å gi akkurat dere denne julegaven, sa Wigum.
Øystein Bondhus tok imot gåvesjekken på vegne av SKUV.
- Det er ikkje ofte eg blir mållaus og rørt, men det vart eg akkurat no, sa han.
- Gåvesjekken tek vi imot med stor takksemd, og gåva skal brukast til vidare arbeid med kulturarrangement, la han til.
- Vi opplever at kulturarrangement betyr mykje for lokalsamfunnet, spesielt i den situasjonen vi er i no. Folk treng noko å sjå fram til, avslutta Bondhus.
Bondhus sa også at noko av gåvesjekken kom til å bli bruka til å starte oppussinga av Trudvang, eit hus SKUV for nokre år sidan kjøpte. Ifølge Bondhus er det mykje mus der, men at dei no har pengar til å kjøpe mange feller!