ANNONSE:

Ikkje greit å vera Johan

For skal ein tru tittelen på filmen, hatar alle han. Men først noko heilt anna på Surnadal kino:

Premierehelga er unnagjort for den norske storfilmen SULIS 1907 som tek for seg hendingane i Sulitjelma den vinteren. Sulis var ein stat i staten, der gruveselskapet eigde dei som var der med nærast hud og hår. Dei hadde eige politi, eigen landhandel og eigne tolkingar om kva som var akseptabelt arbeidsmiljø. «Western under nordlyset», skriv VG og ramla på ein firar på terningen – som dei fleste andre. SULIS 1907 vil bli vist både på dag- og kveldstid framover og første gong tysdag 10.10 kl. 13 og 19.30.

Dagen etter byr Seniorflimklubben på eit møte med Johan. ALLE HATER JOHAN er eit sorgmunter møte med Johan Grande frå Titran. Historia om Johan vekte stor glede (og kanskje litt vedmod) da den gjekk på kino. Men det var ikkje alle som fekk den med seg, og andre har ytra ønske om å sjå den på nytt. Onsdag 11.10 kl. 12 er sjansen der!

To filmar for dei yngste denne veka: PAW PATROL har samla eit par hundre så langt, og dei har ikkje brukt opp alle superkreftene sine enno – noko ein kan bli vitne til onsdag kveld og torsdag, og da på både dag og kveld.

TROLLS TROMMER SAMMEN sitt publikum frå fredag kveld av. Her blir det full musikk når dei må frigjera ein av sine eigne etter at han vart kidnappa av popstjerneskurkar. Ein kan få oppstopparhår av langt mindre – og her får alle det!

 

Powered by Labrador CMS