Todalen og Stangvik oppvekstsenter
Elevane feira samefolkets dag med lassokasting og bidos
Lihkku beivviin! 6. februar er samane sin nasjonaldag, og slik markerte dei dagen på Todalen og Stangvik oppvekstsenter.
Skulen har som tradisjon å markere samefolkets dag. I år var dagen full av spennande aktivitetar for 1.-7. trinn. Gangen var dekorert med flagg og teikningar av samekofter, og det dufta av reinsdyrkjøtt frå skulekjøkkenet.
Elevane fekk undervisning om temaet, og fleire hadde god kunnskap frå før. Nokon hadde til og med vore med på sortering og slakting av reinsdyr.
Reinsdyret "Reinert" var stilt klart i gymsalen, og klassane fekk etter tur prøve seg på å fange han med ein ekte lasso! Det var ganske vanskeleg oppdaga mange, men fleire fekk til å få eit godt feste rundt geviret.
5. klasse laga samisk tradisjonsmat, bidos og gahkko, til heile skulen som dei fekk nyte i mattida. 1.-2. klasse hadde uteskule med postar om samar og samiske tradisjonar, og dei hadde base i lavvoen ved skulens uteområde.
Klassane høyrde på joik og samisk musikk, og lærte å telje til 5 på samisk. Det blei gode samtalar om samisk kultur og ein minnerik dag med mykje læring.