Trollheimstankar

Bente Beate Øyaseter

- Vi har alle ein ryggsekk

Hei, Bente Beate! Har du eit dikt eller ei tekst du vil dele med Trollheimportens lesere?

Publisert Sist oppdatert

Under studietida sto det eit sitat på penalet til Bente Beate Øyaseter, no heng det på veggen ved kontorpulten hennar. Ho er vernepleier og SFO-leiar på Rindal skole. Bente Beate seier at sitatet er ei dagleg påminning om at vi alle har ein usynleg ryggsekk.

"Under overflaten er det alltid noe annet du også skal se" ( Stephen C. Paul)

"Sekken" av Kjersti Munkejord Lamb

- Vi som jobbar med menneske må vera medvitne om at alle barn, og alle vaksne for den del, har ein ryggsekk med erfaringar, på godt og vondt. Kva barna går og ber på påverkar kvardagen deira og kva slags behov dei har, og det må vi vaksne ta omsyn til.

Bente Beate fortel at at ho i utdanninga si lærte mykje om å sjå heile menneske.

- Vi må sjå bak atferden til barna vi jobbar med, utfordrande atferd viser kanskje berre ein brøkdel av av uroa på innsida. Det gjeld også dei som ikkje gjer så mykje av seg og som er stille, forklarer Bente Beate. Vi må ikkje gløyme dei. Kva har dei i ryggsekken?

Illustrasjon av Ingebjørg Rangøy Sjåland, Lykketegning

- Det viktigaste i jobben min er å skape gode relasjonar og skape tillit, seier Bente Beate. På den måten får ein kanskje anledningen til å opne sekken litt også.

Powered by Labrador CMS