ANNONSE:

Arkivfoto

Informasjon frå Tørset-Almberg veglag om auke av bomavgift for 2022

Vi i TØRSET-ALMBERG Veglag fekk om kvelden 15/12 beskjed frå Sameiet Tørsetmarka veglag, som er eigar og drivar av bomanlegga, om at avgifta for kjøring på vår veg går opp for 2022 og at det er lagt ut på Trollheimsporten.

Vi vil presisere at det er Tørsetmarka veglag som har sett opp prisen og ikkje Tørset-Almberg veglag.

Fordelinga mellom vegane er slik:

Turpris T.A er 60 kr +50 kr for Tørsetmarka = 110 kr
Turpris storbil over 3,5t: T-A er 150kr+150 kr til Tørsetmarka =300 kr
Årskort inntil 3,5 t T-A 1200kr +1400kr til Tørsetmarka =2600 kr

Vi i styret for Tørset -Almberg veglag gjer vårt beste for å halde vegen i god kjørbar stand til eikvar tid og vonar at de som kundar er fornøgde og vil fortsetje å bruke vegen vår sjølv om at vi er litt dyrare enn konkurrenten.

Er det nokon som har spørsmål, ta gjerne kontakt med oss på e-post olaalmberg@gmail.com eller tlf 91821047.

Med vennleg helsing
styret for Tørset-Almberg veglag
v/ Ola Almberg

Powered by Labrador CMS