Øvingshelg: I helga har Øverbøggrevy'n si siste øvingshelg før premieren 3. juledag i Sagatun

Normer og reglar på Øverbøggrevy'n 3. juledag

Trollheimsporten vart oppringt, det var spørsmål om vi kunne komme på den siste øvingshelga til Øverbøgdrevy'n. Dei fortel at revyen er utseld på kveldstid, men det er nokre plassar igjen på dagframsyninga.

Publisert Sist oppdatert

Så kva vil dei at Trollheimsporten skal skrive om? Dei treng ikkje reklame, gjer dei vel?

– Vi vil vel berre gni det inn, da, til dei som ikkje har fått i seg billett, seier ein av aktørane som vil vera anonym.

Kjente figurar: Kristian Nerland og Trond Ivar Fiske Pedersen på rundtur i bygda

Kveldsframsyninga vart fort utseld, men det er enno ledige plassar på dagtid, så det er berre å forte seg å kjøpe billett.

– Du kan også skrive at vi har plass til fleire aktørar i Øverbøggrevy'n, seier Bjørn Moen.

– Men det er nokre kriterier, skyt Gøran Bolme inn.

– Alle har lyst til å vera med i revylaget 3. juledag, men om du vaknar opp 4. juledag og enno har lyst, da er det berre å bli med.

Bygda rundt

Trollheimsporten får sjå nokre av nummera. Her er det kvalitet. Det er berre å begynne å glede seg.

Stemning på scena er god, til tross for at premieren nærmar seg, og at tekniske problem lagar litt krøll i øvinga.

ØSIL: Patriotismen er stor i Øverbøggrevy'n
Diskgolf: «Den så he det gauast vinn», i Sagdammen diskgolfpark. Trollheimsporten står i midten og intervjuar.

I år er det mykje om ØSIL og om bygda, om folket og samhaldet. Det blir den tradisjonelle runden rundt bygda, der får vi møte både nye og gamle karakterar. Vi får også ein verdspremiere på ein song.

Opplæring for både aktørar og publikum

Nils Inge Aasgård er ny aktør i Øverbøggrey'n. Han har hatt ei lang opplæring i korleis ein skal vera øver-surndaling, ifølge Gøran Bolme.

Opplæring av ny aktør: Nils Inge Aasgård har fått grundig opplæring i å vera øver-surndaling. Kva dette revynummeret handlar om får ikkje Trollheimsportens utsendte skrive noko om, men artig er det

Gøran seier at det ikkje berre er Nils Inge som har hatt behov for opplæring. Ein kollega av Gøran har aldri vore på revy i Sagatun før. Ho har trunge mykje oppfølging i det siste. Når ein skal vera publikum på Øverbøggrevy'n er det mange normer og reglar å sette seg inn i.

– Kva slags kleskode er det? Er det matservering? Kva slags drikkekode er det? Eller «drinking code», som det eigentleg heiter, forklarer Gøran.

– Det blir altså kaffelag på dagtid, og så blir det mogleg å kjøpe seg spikkjimat på kvelden. Det er ingen bar, så ein må ta med alt ein har i barskapet heime.

Kleskoden er det verre med. Gørans kollega har planer om å ta med seg ein pose med ombyt, og det er det berre å gjera for fleire. Det kan vera lurt, slik at ein ikkje skjemmer seg direkte ut. Om det blir krise har revylaget eit kostymelager bak scena.

Bjørn fortel at NORFOLK spelar opp til dans på kvelden.

– No har vi forsterka golvet i Sagatun òg , så det er berre å danse. Eller, golvet er berre forsterka på midten, så om ein skal danse line dance kan ein ikkje gjera det på tvers, da må det bli line dance på langs.

Powered by Labrador CMS