Pensjonistforbundet Surnadal

Gammelfabrikken i Todalen - ein framifrå plass å møtast.
Sjølv om vêret ikkje var det beste, møtte over 70 personar på sesongens siste medlemsmøte i Pensjonistforbundet onsdag denne veka. Gammelfabrikken kan anbefalast!
Jon Olav Ørsal losa oss gjennom historia til Talgø-konsernet, frå starten i 1899 og fram til i dag. Ei interessant historie om framtidstru og pågangsmot hos dei to som starta det heile; Tora og Tore Talgø.
I andre etasje viste Gunnar Nordvik oss Trollheimsutstillinga; ei nydeleg samling av utstoppa dyr og fuglar som tidlegare var lokalisert på Stangvik skule. I tillegg kunne vi sjå ei stor utstilling av verktøy og møblar laga på fabrikken.






Takk for flott guiding og velvilje i samband med arrangementet.
Styret i Pensjonistforbundet Surnadal ønsker alle medlemmane ein fin sommar!