Du mitt Nordmøre

No er Du mitt Nordmøre 2022, årsskriftet til Nordmøre Mållag, til salgs i butikkane. I år merker vi oss straks at redaksjonen går langt ut over Nordmørsgrensene!

Publisert

Skuggen frå krigen i Ukraina når oss gjennom historia til to av dei som måtte rømme landet sitt og hamna på Nordmøre.

Julia og sonen Yaroslav har ordet i den første artikkelen i heftet.

Musikkstoff

Både negativt og positivt er det å seie om Bjørn Tore Brøske sin artikkel om musikarar frå indre Nordmøre:

- Her har fine bildetekster stokka seg
+ Men skriftstyret har lagt ved retting, - attpåtil på rett plass, i alle fall i eksemplaret Trollheimsporten fekk i handa.

Artikkelen er sjølvsagt absolutt lesverdig, - også for eit yngre publikum enn dei faste lesarane av Du mitt Nordmøre.

Meir musikkrelatert stoff får vi frå Rolv Sæter. Han gjev oss ein fyldig omtale av musikaren, bassisten Gjermund Silset frå Gjemnes. Silset kan ein godt seie har spela med dei alle fleste store norske artistane innan jazz og populærmusikk. Dermed har musikken fått god plass i dette årsskriftet.

Seterklokka

Skribenten har klokka i bilen stilt 5 minutt for fort, også no i "normaltid." Det blir ingen ting mot det Tor Erik Jenstad skriv om i stykket "Seterklokka!

Jubileum

Lenger ute i heftet gjev Rolv Sæter ein smakfull jubileumsomtale av surnadalsbedrifta Norsk Kvalitetsmat, som vart stifta i 1997 og har hatt lokalar både i Surnadal og Rindal. Alle kjenner vel produkta deira frå fiskedisken i matvarebutikken.

Smakebit

Dette var nokre få smaksprøvar frå Du mitt Nordmøre 2022, som også inneheld både dikt og mange andre tekster med fine illustrasjonar, der omslagsbilda tek prisen!

Annonse:

Heftet er å få kjøpt på COOP Extra i Rindal og på Ark Alti, Coop Extra og i grendebutikkane i Surnadal. Kan også skaffast direkte frå Sverre Hatle tlf. 48248913.

Powered by Labrador CMS