![Sesongavslutning for Barn i løypa gutt i skiløypa](https://image.trollheimsporten.no/277182.webp?imageId=277182&x=0.00&y=1.38&cropw=100.00&croph=76.00&width=960&height=548&format=jpg)
Sesongavslutning for Barn i løypa
Solnedgangen markerte starten for vinterens siste Barn i løypa. Nordmarka skistadion blei raskt fylt opp med skiglade barn og foreldre.
Sju torsdagar i løpet av januar, februar og mars har barn i alle aldrar hatt glede av å samlast på Nordmarka for å gå på ski. Barn i løypa er ein populær treffstad for barna, og for foreldre, besteforeldre og dei som er med.
Det blei ei flott avslutning med strålande vêr. Litt hardt føre stoppa ikkje barna frå å gå runde på runde. Langrennsgruppa i Surnadal IL skal ha ros for at dei år etter år arrangerer dette flotte arrangementet som både er sosialt og skaper skiglede frå tidleg alder.
![Vakker solnedgang over Nordmarka. solnedgang over skistadion med barn](https://image.trollheimsporten.no/277180.webp?imageId=277180&width=960&height=548&format=jpg)
![Mange barn møtte opp på sesongens siste Barn i løypa. barn med startnummer på skistadion](https://image.trollheimsporten.no/277176.webp?imageId=277176&width=960&height=548&format=jpg)
![Litt hardt føre, men nydeleg vêr på Nordmarka. barn på barn i løypa](https://image.trollheimsporten.no/277178.webp?imageId=277178&width=960&height=548&format=jpg)
Da barna i løypa sa seg ferdige med ski for denne gongen fekk dei levere inn startnummera sine i bytte mot ein flott medalje. For mange blei det deretter ein tur til kiosken for å få seg noko søtt og godt.
![Barna fikk bytta inn startnummeret sitt mot ein medalje. barn får medalje av dame](https://image.trollheimsporten.no/277179.webp?imageId=277179&x=6.40&y=10.20&cropw=93.60&croph=71.23&width=960&height=548&format=jpg)
![Klubbhuset var som vanleg åpent for salg av bakels med meir. skistadion med folk utafor](https://image.trollheimsporten.no/277175.webp?imageId=277175&width=960&height=548&format=jpg)
![Etter ein runde på ski blei det for mange ein tur til kiosken for litt bakels, saft og sjokolade. mor og barn handler i kiosk](https://image.trollheimsporten.no/277177.webp?imageId=277177&width=960&height=548&format=jpg)
Med mange nye minne frå skisporet for dei minste, er vinterens vakraste eventyr over for denne gang.