Bianca Cirpaci
Bianca Cirpaci

Kjekk dag på gjenbruk

Det er ofte kjekke dagar i NMS Gjenbruk på Skei. Når kundar frå andre land kjem innom og finn kjekke ting frå heimlandet sitt blir det ei spesiell oppleving.

Publisert

Slik var det da Bianca Cirpaci kom til butikken i dag. Ho er frå Romania, men har budd i Surnadal i 3 år.

Romania har sine spesielle folkedrakter frå ulike deler av landet slik som vi har våre bunader. På biletet utanfor gjenbruksbutikken står Bianca med ei dokke med folkedrakt frå Romania.