Frukost – Surnadal Næringsforening inviterte til næringslivsfrukost tysdag.

Inviterte til frukost med eit innhaldsrikt og interessant program

Tysdag morgon inviterte Surnadal Næringsforening i samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre til frukostmøte på Thon Hotel Surnadal, til eit innhaldsrikt og interessant program.

Publisert

Ekstraordinært årsmøte før programmet tok til 

Før det offisielle programmet tok til, gjennomførte Surnadal Næringsforening eit ekstraordinært årsmøte. Her var det ei sak om vedtektsendring som stod på sakliste, og vedtektsendringa vart samrøystes vedteken.

Vedtaket inneber at bedrifter og selskap frå andre kommunar kan bli medlemmer i Surnadal Næringsforening, men dei har ikkje røysterett på årsmøta.

Bergsvein Brøske er leiar i Surnadal Næringsforening.

Allan Troelsen ønskte velkommen 

Administrerande direktør i SpareBank 1, Allan Troelsen, ønskte på vegne av arrangørane velkommen til frukostmøtet. Han fortalte litt om SpareBank 1 Nordmøre si 190 år lange historie, der 14 tidlegare bankar no utgjer SpareBank 1 Nordmøre.

Troelsen fortalde også litt om resultatet for tredje kvartal og børsutviklinga for banken. Han understreka at banken må ha gode resultat for å kunne vere med på å finansiere næringslivet på Nordmøre og for å vere ein aktiv støttespelar for samfunnet elles.

Administrerende direktør i SpareBank 1 Nordmøre, Allan Troelsen ønskte velkommen.

Han orienterte også litt om SpareBank 1 alliansen, som i dag er ein allianse som består av 12 sjølvstendige sparebankar rundt om i landet.

Presenterte «Markedstempen» 

Direktør for bedriftsmarknaden i SpareBank 1, Rune Solli, presenterte den nyaste utgåva av «Markedstempen». Hovudtrekka frå denne er at Norges Bank løftar rentebanen, at bedriftene i Møre og Romsdal har nøytrale forventningar til neste år, låg bustadbygging, negativ omsetningsvekst i fylket og høgare snittpris med lågare omsetningstid på brukte bustadar i fylket.

Det er spesielt innafor bygg og anlegg at ein finn minst optimisme, men større aktørar er meir positive enn små. I 2019 vart det bygd 350 bustadar på Nordmøre, eit tal som er redusert til rundt 150 i år. Prisveksten for bustadar har i same periode vore på rundt 37 %, noko som gjer det mykje meir attraktivt å kjøpe brukt bustad framfor å bygge nytt.

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal ligg på 1,7 % og er låg. 

Det er svara frå 300 bedriftsleiarar på Nordmøre som dannar grunnlaget for resultata i «Markedstempen».

Direktør bedriftsmarkedet i SpareBank 1 Nordmøre, Rune Solli, presenterte «Markedstempen».

«Markedstempen» viser også at det no er mindre fokus på bærekraft, noko som heng saman med den politiske situasjonen i USA og ikkje minst at kundane ikkje lenger er villige til å betale prisen i lik stor grad som tidlegare. Likevel har nybilsalet auka med over 11 %, og rundt 90 % av nybilsalet er elbil.

Heile «Markedstempen» kan ein lese på banken sine heimesider.

Solvår Halset, rådgjevar landbruk i SpareBank 1 Nordmøre, informerte litt om landbruksoppgjeret og utviklingstrekka for landbruket både på nasjonalt og lokalt plan.

Dame står oppe ved lerret i en sal mens mange mennesker følger med
Solvår Halset, rådgjevar landbruk i SpareBank 1 Nordmøre, orienterte om utvikstrekka i landbruket.

Vaagland Båtbyggeri eit moderne skipsverft

Kristin Nyhagen frå Vaagland Båtbyggeri fortalde om skipsverftet. Skipsverftet vart starta av Einar Vaagland i 1927, som starta med bygging av trebåtar. I 1960-åra gjekk skipsverftet over til å bygge stålbåtar og er i dag eit moderne skipsverft med ein stor tørrdokk på 90 gonger 16,5 meter under tak.

Skipsverftet har 30 fast tilsette, der 8 arbeider i administrasjonen. Når Vaagland bygger større nybygg har dei underleverandørar på ulike fasar, noko som gjer at det i periodar kan vere opp mot eitt hundre arbeidarar på verftet.

Kristin Nyhagen, økonomisjef i Vaagland Båtbyggeri, fortalde om båtbyggeriet.

Nyhagen fortalde med stoltheit om det nyleg leverte Frøy Ocean, eit skip Vaagland bygde heile skipet inkludert skroget sjølv. Tilbakemeldingane både frå reiarlaget og mannskapet er så langt berre positive.

Største utfordringa for Vaagland er å få tak i nok kompetent arbeidskraft. Verftet satsar på mykje på å legge forholda til rette for lærlingar, og vil frå nyttår ha tre til fire innafor fleire fagfelt.

To blir ei 

Alt det formelle er no på plass for ein fusjon mellom dei to arbeidsmarknadsbedriftene Varde frå Kristiansund og Trollheim frå Surnadal. Knut Ulset Bævre, dagleg leiar i Trollheim og Erik Husby Pettersen, dagleg leiar i Varde, kunne fortelje at det er to likeverdige bedrifter, med tanke på tilsette og omsetning, som no slår seg saman og fusjonerer.

Knut Ulset Bævre og Ole Jonny Rugset orienterte, Saman med Erik Husby Pettersen og Bergsvein Brøske om fusjonen mellom Varde frå Kristiansund og Trollheim frå Surnadal.

Dei viktigaste grunnane til fusjonen er å styrke samfunnsoppdraget, styrke kunnskapen styrka fokus på inovasjon og vekst. Noko dei to meinte vart enklare saman enn kvar for seg. Styreleiar Bergsvein Brøske i Trollheim og styreleiar i Varde, Ole Jonny Rugset sa seg einige i dette. Dei meinte fusjonen vil styrke marknads- og forretningsområdet.

På utfordring om å beskrive kva fusjonen betyr med eitt ord, sa Ulset Bævre «Bolyst!». Og det sett eit verdig punktum for ein innhaldsrik og interessant næringslivsfrukost!

Powered by Labrador CMS