God hjelp frå ei triveleg tilsett ved Kiwi. Frå venstre: Reidun Dønnem Neerland, Margit Fugelsøy, Sissel Halset Storslett,Torill Røv og Helga Krangnes

Utdeling av hushalds­varer i Surnadal

Publisert Sist oppdatert

Før jul fikk Surnadal kommune og Frivilligsentralen eit brev frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. I brevet stod det at vi fikk kr. 21.000 til utdeling blant kommunens innbyggere som treng det mest i jula. Da Surnadal Sanitetsforening allereie var i gang med si utdeling, valde vi å venta til etter jul. Januar kan óg vere ein sers vanskeleg månad.

Frivilligsentralen tok kontakt med Sanitetsforeninga, som sa ja til å vere med som samarbeidspartner. Det er noko som heiter: « Lytt til erfarne fjellfolk». I dette høvet valde vi: «Lytt til erfarne, frivillige omsorgspersonar»

Januar kom, og tida var inne for å setta plana ut i livet. Onsdag morgon, denne veka, møtte fire blide damer frå Sanitetsforeninga og ei frå Frivilligsentralen opp på Kiwi. Vi handla inn mat- og hushaldsartiklar til den «store gullmedalje». Vi enda til slutt opp med 42 bereposar klar til henting og utlevering.

Tusen takk til Møre og Romsdal Fylkeskommune for tildeling av pengar, Surnadal Sanitetsforening for samarbeid og Kiwi for velvilje og tålmod!

Powered by Labrador CMS