Portrettbilde av en eldre mann.

Steinar Skrøvset til minne

Publisert

Steinar Skrøvset var ein av dei vi tente minnelys for no på allehelgensdag. Dei siste vekene har tankane våre gått til Ragnhild og familien. Steinar vart 88 år gammal, og vi er mange som saknar han. Sjøl om sjukdom prega dei siste månadene, minnest vi han som ein bauta blant oss i Bøfjorden.

Steinar var jordkar på Skrøvset og fann det naturleg å gå landbruksskulen på Tingvoll. Arbeidet på garden og i skogen var del av kvardagen også om han jobba som linjearbeidar i kraftlaget eller som snikkar på nabobedrifta ÅSI-Ttre.

Han vart gift med Ragnhild i 1966, og dei vart foreldre til Margrethe, Steinar junior, Gro og Per Iver. Frå 1975 dreiv dei garden fullt og heilt. Per Iver tok over 25 år seinare, men Ragnhild og Steinar ståka med sau og ungkyr heilt til 2011.

Ei ufatteleg sorg ramma familien da sønnen Steinar mista livet i ei ulykke i 1992 – 23 år gammal.

Steinar Skrøvset hadde mange verv gjennom åra. Såleis var han lenge styremedlem i Halsa Gjensidige Brannkasse. Mest fritid ofra han for Bøfjord Idrettslag – med ein formidabel innsats: Leiar i hovudstyret (8 år), fotballgruppa (5 år), skigruppa (4 år), trim og friidrett (til saman 6 år) og bingostyret (2 år)!

Men like viktig som å administrere var det for Steinar å utøve idrett. Han spela over 300 fotballkampar for Bøfjord, tok skimerket 40 gonger, deltok i tallause skirenn (som Birkebeineren) og ymse sommarløp – deriblant Oslo halvmaraton.

I fotballen var han ei drivkraft både på og utafor banen. Kva han, faren Sten og familien Skrøvset utretta på dette området, kan neppe seiast med ord. I rolla som midtbanestrateg og kaptein på fotballaget var Steinar den uslitelege og ryddige. Han bruka aldri store ord, men hadde ein naturleg autoritet kombinert med syn og omtanke for kvar enkelt – ikkje minst oss yngre på laget.

Han elska fjellet. Det var intense treningsturar frå garden opp på Skreå. Det var fisket i vatna. Og det var setra – med dyrehald heilt inn i 1970-åra og ikkje minst med hytteliv.

Da Skrøvsetsetra vart restaurert i 1966, bar han sjøl materialen opp – på skuldrene! Både feiringa av 30-årsdagen i dei «nye» seterhusa våren 1967 og all seinare honnør for traust og oppofrande innsats tener Steinar Skrøvsets minne til stor ære.

 

Powered by Labrador CMS