Oddmund Gravvold til minne

Publisert

Ein uvanleg dyktig, oppofrande og samfunnsengasjert bøfjording har gått til kvile. Oddmund Gravvold døde 19. september, 85 år gammal.

Aller størst er saknet for Martha, sønnene Lars Arve og Ola Marvin og familien elles. Oddmund var ein god og traust ektemann, far, svigerfar, bestefar og oldefar. 

Men også heile lokalsamfunnet Bøfjorden kjenner eit stort tap. Med sitt stillfarande vesen var Oddmund alltid «til stades» - i samvirkelag og skyttarlag, på grendahuset og museet. Han var nærverande støttespelar for det meste som rørte seg i bygda.

Vi i Bøfjorden Historielag hadde ofte Oddmund med i våre komitear. Han og Martha var trufaste stamgjester på sjøbruksmuseet i alle år. Det var da også ei glede for laget å tildele Oddmund den lokale Trollbakkprisen i 2017. Da poengterte vi hans store dugnadsinnsats på mange felt, aller mest dei tallause gratistimane ved bygginga av Bøfjorden Grendahus på 1990-talet.

Sønnene og etterslekta fekk tidleg bli med og lære om livet - ørk og helg. Eg har i friskt minne ei påske på 1960-talet, da to-åringen Ola Marvin imponerte oss alle med susande akebrettkjøring nedover frå Stordalsvarden - så snøgovet stod!

For sjølfolka på Børeiten var ivrige friluftsfolk og elska hyttelivet både ved fjorden og ved Tjønnråa på fjellet. Her var det gjestfritt å koma innom, og mange hugsar vel den tilhogne «Bøligubben» som humoristen Oddmund laga av eit sjølvakse tre attmed Åsskardvegen - utstyrt med alt tilbehør, endatil hatt på hauet!

Alt Oddmund gjorde, var prega av godt handlag - anten det galdt yrket med gardsdrift på Børeiten og snikkarfaget (ÅsiTre) eller privat finsløyd, film og foto - teknisk og historisk oppdatert. Og vi glømmer ikkje den vakre og velstelte hagen som han og Martha dyrka fram attmed heimen sin.

Mange deltok i minnegudstenesta i Åsskard kyrkje onsdag 27. september. Midt i vemodet og saknet etter han lever fine minne hos alle oss som kjente Oddmund Gravvold.



Powered by Labrador CMS