Portrettbilde av en eldre mann.
Harry Skrøvset 1936-2023

Harry Skrøvset til minne

Publisert

Familie, naboar og venner var fredag 1. desember samla i Åsskard kyrkje til avskjed med Harry Skrøvset.

Harry var ein samfunnsengasjert og aktiv mann gjennom eit langt liv – med erfaring frå Surnadal kommunestyre og formannskap, Åsskard sokneråd, Bøfjord Idrettslag, Bøfjorden Gammeldansforening og andre arenaer.

Han var fødd på Øverøra i Bøfjorden. Familien budde elles på Gammelskulen og på bedehuset Betania. I 1946 flytta foreldra Ane og Harald til Settemsdalssletta, der dei hadde dyrka opp bureisingsbruket Fjellbu. Her vaks Harry opp saman med søskena Jostein, Arvid, Betzy og Bjarne. Seinare var Fjellbu heimen til Harry, kona Edna og borna Leif, Harald og Solfrid.

Med sju mil til skulen, tidvis med dårleg eller ingen veg og mange løft å ta, var oppveksten i Slettå både krevande og innhaldsrik. Skiene var ikkje berre til leik, men eit viktig framkomstmiddel.

Harry hadde alltid eit sprudlande humør og ein ukueleg optimisme – trass i mange uhell alt frå barndommen. 5 år gammal mista han synet på eine auget. Seinare fekk både tunga og nasen sine trøkkar, vart det humoristisk sagt under minnestunda i kyrkja. Han braut endatil begge hendene – samtidig! Men gnisten og pågangsmotet bevarte han livet ut.

Arbeid var han vant til. Tor Holten fortalte meg at Harry la «grunnlaget» for seinare linjearbeid da dei to hadde sommarjobb på Dovre med å grave kabelgrøft til Nato sin radiolink på Snøhetta ein regnsommar midt på 1950-talet.

Sist i 1960-åra var han med på Folldalsutbygginga. Han jobba elles på Nordmøre Impregnering og ikkje minst som el-montør ved det kommunale kraftlaget som seinare vart Svorka.

Familien betydde mykje for Harry. Han og kona Edna fekk ni barnebarn og tretten oldebarn. Og dei små fryda seg over ein festleg bestefar – som blant anna var ein meister i å tegne Stomperud!

Midt i det gode familielivet var det stor sorg å miste både eit barnebarn og eit oldebarn.

Han var som nemnt sterkt engasjert i bygda og lokalsamfunnet og var med og styrte idrettslag og gammeldansforening. Som leiar av Åsskard sokneråd organiserte han kyrkjeskyss til dei som trong det. Han leia også 125-årsjubileet for Åsskard-kyrkja i 2001.

Den same kyrkja var ei fin ramme rundt gravferda der vi tok farvel med Harry Skrøvset.

Bernt G. Bøe

Powered by Labrador CMS