Rosaruss i Midtigrenda

Publisert Sist oppdatert

Kvart år arrangerer Midtigrenda barnehage Rosarussedåp for førskulebarna i barnehagen vår. Ei fin markering, der vi gjer litt ekstra stas på førskulebarna våre, og markerer at dei snart skal byrje på skulen. Det er FAU som arrangerer med hjelp frå barnehagen.

Sjølve arrangementet foregjekk på ballbingen, som er like ved barnehagen. På grunn av koronapandemien har vi i 2 år hatt eit redusert arrangement, men i år fekk vi lov til å slå på «stortromma». Mange foreldre/familiemedlemmar kom for å sjå på, og vi fikk besøk av nesten 40 russ!

Russen står for sjølve dåpen, og dette er både spanande og artig. Barna fekk russelue og diplom sponsa av FAU, og russen spanderte is! Og til slutt var det sjølvsagt utdeling av russekort. Vi reknar med å sjå nokre av desse Rosarusseluene i 17.mai-toget i år

Powered by Labrador CMS