LESERINNLEGG:

Ikkje ta bort laget rundt elevane i vidaregåande opplæring!
Om skolehelsetenesta forsvinn frå skolen, mister vi meir enn ein ressurs – vi mister ein viktig del av laget rundt eleven. Det er i kvardagen, tett på, at ungdom får støtte, tryggleik og hjelp til å meistre både små og store utfordringar. Eit sterkt lag rundt eleven krev at alle viktige støttespelarar er til stades der elevane er; på skolen.
Skolehelsetenesta i vidaregåande skole er kommunane sitt ansvar, sjølv om skulane er eigd av fylkeskommunen. Når kommuneøkonomien er pressa, blir denne tenesta ofte sett på som noko ein kan kutte i. Eg fryktar at ikkje alle politikarar ser kor viktig denne tenesta faktisk er.
Forskning viser at helsesjukepleiarar på skolen bidreg til å styrke elevane si psykiske helse og senke terskelen for å søke hjelp. Når dei ikkje lenger er fysisk til stades på skolen, mistar vi ein viktig del av det førebyggande arbeidet.
Eg møter jamleg elevar og lærlingar som ikkje nødvendigvis har store problem, men som treng ein samtalepartnar, nokon som kan hjelpe dei å sortere tankar, eller berre nokon som lyttar og ser dei i kvardagen. Mange treng ein trygg vaksenperson som er tilgjengeleg når kvardagen blir litt krevande.
For mange elevar er det nettopp det at skolehelsetenesta ikkje er ein del av det pedagogiske personalet, som gjer det lettare å ta kontakt. Dei står litt utanfor det ordinære skolemiljøet, men samtidig er det heilt avgjerande for elevane at tilbodet faktisk er fysisk til stades på skolen.
Når tilbodet blir flytta ut av skolen og inn til ein sentral helsestasjon, blir terskelen for å søke hjelp høgare. God førebyggande oppfølging let seg dessverre ikkje alltid måle i tal eller statistikk. Difor er det særleg uheldig at endå eit viktig førebyggande tiltak no blir fjerna.
Eg meiner vi må snakke meir om den førebyggande krafta i å ha trygge vaksne tett på ungdomane i det daglege. Skolehelsetenesta er ein del av laget rundt eleven, og bør vere der elevane er.
Synne Strøm Astad
Elev- og lærlingombod
Møre og Romsdal