LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

SP direkte mot distrikta!

Publisert Sist oppdatert

– Sp ved Geir Inge Lien liker å harselere med NTP vedtaket til FrP og eit fleirtal på Stortinget der til dømes RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger vart løfta vekk frå øydemarka og inn igjen i NTP,en og sett igang.

SP og AP møtte i Stryn og i Volda med tre statsråder og feira med kake for å ha fjerna RV 15 Strynefjellet og Voldatunellen ut av NTP reelle del.

No forsøker SP og Lien igjen å skrote mange prosjekt i distrikta i vårt fylke, til fordel for Møreaksen som nokre tusen bilistar over Romsdalsfjorden har nytte av.

  • Møreaksen, eller 7 andre distriktsprosjekt i heile vårt fylke, det er spørsmålet?

Dette er realiteten, ønsker virkelig SP å legge alt i potten for ein Møreaksen for nokre få, og skrote prosjektet i heile fylket for tusenvis?

Eg berre lurer.

Sp og Lien eg ute og frontar Møreaksen framfor absolutt alt anna.

Geir Inge Lien kritiserer at eit nytt fleirtal i behandlinga av NTP i tillegg til RV 15 Strynefjellet prioriterte E-16 Skaret/Hønefoss som Norges dødsveg nr 1, ingen vegstrekning har fleire alvorlege ulykker og dødsulykker, som skal byggast av Nye veier as inkl Ringeriksbanen. 

Her er ikkje løyve ein milliard eller fleire slik Lien hevder, men er inne i Nye veier AS sin portefølje. 

Ja, Vestfoldbanen er peika på i NTP, skulle berre mangle med fleire million reisande passasjerar i året, dette skulle liksom vere gale meiner Geir Inge Lien, men sløseri på Møreaksen med ein årsdøgnstrafikk over Romsdalsfjorden på skarve 3300 bilar i døgnet til titals på titals av milliardar, er SP opptatt av, uforståeleg nok.

Lykke til Geir Inge Lien, med å forklare kvifor du og SP ønsker å skrote alle prosjekta som vist på plansjen som er vedlagt på høgre side, i heile fylket, og heller vil bruke ekstreme milliardsummar på ein Møreaksen som din partileder Vedum har skrota heilt ut av NTP?

Dette veit du Geir Inge, at Møre og Romsdal aldri i verden vil kunne få finansiert i neste NTP, 30-50 milliard kr til Møreaksen og ca 30 milliard kr i tillegg som skal til fordelt på resten av dei viktige vegprosjekta her i fylket.

Dette veit du, derfor må vi faktisk velge og prioritere.

  • Kva side av plansjen støtter du, Møreaksen eller resten av fylket?

FrP vil heller prioritere prosjekt som heile fylket faktisk har store behov og nytte av, ikkje bruke titals milliard kr på nokre få. Derfor skal Møreaksen skrotast ein gong for alle .

Det er ditt valg Geir Inge lien og SP og vennligst forklar korleis du har tenkt å finansiere dette og slutt med å kritisere andre som faktisk prioriterte til dømes RV 15 Strynefjellet arm til Geiranger, som SP ville skrote .

Frank Sve
Transportkomitéen
Stortingsrepresentant for Møre og Romsdal FrP

Powered by Labrador CMS