Busstur til Nidarosdomen

Publisert Sist oppdatert

Det vart faktisk 30 påmeldte, det vi sette som mål for bussturen til Nidarosdomen, arrangert av Stangvik sokneråd. Sjåfør Øystein Moe hadde fleire stopp frå Stangvik til Skei, det var både Stangvikgardingar, folk frå Reppa og Kvanne, og frå Nordvik, Todalen og Skei som hadde meldt seg på, og dei siste steig ombord på Bolmekrysset.

Vel framme i Bispegata, i god tid før gudstenesta, hadde skodda letta og sola skein, og finveret fekk vi også nyte ein del, da vi hadde eit romsleg program.

Gudstenesta samla mykje folk, noko mellom 4 og 500, Nidarosdomens jentekor deltok, også delegatar frå Kyrkjemøtet, som hadde si møteveke i Trondheim. Kyrkjemøtet er det øverste representative organet i Den norske kyrkja, og preses Olav Fykse Tveit (leiar for biskopane), var liturg i gudstenesta. Det vart lese tekster og bønner på både ukrainsk, etiopisk og samisk. Trur nok alle følte på ei mektig oppleving i domen denne søndagen; og spesielt var det å høyre den vakre korsongen, ukrainsk kyrie, og vere med i den sterke salmesongen!

På Ni muser, litt lenger borti Bispegata, hadde vi lunsj, somme vann også kunstutstilling i Kunstmuseet, før vi fekk omvisning i Nidarosdomen. Guiden Wenche starta med vestveggen, og fortalte litt om restaurering og utvalde helgenfigurar på denne veggen. Etterpå vart det guiding inne i katedralen, der vi fekk vite ein del om glasmaleria, heilag- Olav og bygginga av Nidarosdomen.

Og alle, får vi tru, var fornøgde og meinte dei hadde hatt ein fin tur!

Powered by Labrador CMS