KIAS i vekst
Treng fleire på laget for å utvikle seg vidare
Kvanne Industrier AS (KIAS) nærmar seg slutten på eit rekordår i selskapets over 40-årige historie. No håpar dei å fortsette den positive utviklinga gjennom å utvide produktsortimentet sitt med eigenproduserte aluminiumsdører. Men for vekse vidare treng dei medarbeidarar med utviklingskompetanse.
KIAS produserer glasfiberdører for hovudsakleg næringslivsbygg i Skandinavia. Dagleg leiar Trond Skogseth fortel at dei i 2025 har auka omsetninga med over 40 prosent i forhold til 2024, og passerer for første gong 30 millionar, med god klaring. Likevel meiner dei ti tilsette i Røtet at dei har meir å gå på.
– Fleire og fleire får augene opp for våre norskproduserte kvalitetsdører som varer, sjølv under utfordrande forhold og tøff bruk, seier Skogseth.
Han kan fortelje at for eksempel ser Thon Gruppen nytteverdien, og dei vél no KIAS baderomsdører når dei renoverer fleire av sine Thon-hotell. Store havbruks- og næringsmiddelanlegg er òg ei stadig veksande kundegruppe med store behov for KIAS-dører.
Nye aluminiumsdører
Men glasfiberdører passar ikkje til alle formål, og derfor har KIAS no i 2025 starta produksjonen av reine aluminiumsdører, ofte som ytterdører med store glasfelt.
– Spesielt når det gjeld ytterdører er aluminiumsdørene svært godt eigna og på mange prosjekt vil det vere eit godt og viktig supplement til glasfiberdørene vi leverer. For eksempel leverte vi nyleg til eit kyllingslakteri: Der var det mange glasfiberdører i produksjonen, men no kunne vi òg levere inngangsdører i aluminium, seier Skogseth, og held fram:
– Våre tilsette har allereie god kunnskap om aluminium og bearbeider dette materialet på våre CNC-fresar, så steget opp til å kunne maskinere profilane til aluminiumsdørene var relativt kort.
Nye tilsette
Vekst og ny produksjon krev fleire tilsette, og i kombinasjon med at éin tilsett går ut i pensjon på nyåret og at éin går over i nye utfordringar, treng KIAS å komplettere laget i «januar-vindauget».
– Vi er allereie i prosess med tilsettingar, og no søkjer vi i tillegg etter ein person som mellom anna vil få eit nøkkelansvar for den vidare oppbygginga av aluminiumsdørproduksjonen. Her er det viktig med rett og god kompetanse og fleksibel innstilling; vi treng nokon som har lyst og evne til å arbeide med heile prosessen – frå designfasen og CAD til ferdig levert produkt, seier Skogseth, som i likheit med andre bedriftsleiarar fiskar i ein utfordrande arbeidsmarknad.
– Mangelen på kompetent arbeidskraft har jo vore varsla lenge, og no står vi midt oppe i denne utfordringa. Denne må vi alle ta på alvor, og først og fremst må vi sjølv sørge for å vere ein god arbeidsgjevar og gode kollegaar. Det kan vi styre, verre er det med dei kreftene i dalføret som verkar å ha som misjon å snakke ned kommunen og regionen. Negativt er det òg at fagopplæringa i den vidaregåande skulen vår er trua; vi treng all den hjelpa vi kan få for at Surnadal/Rindal/Halsa-regionen framleis skal vere ein attraktiv stad for både ungdommane, familiane og bedriftene våre, seier Skogseth.
Framtidstru
KIAS har i alle fall tru på framtida, men i ein byggemarknad der utsiktene framleis er litt usikre er selskapet innstilt på at 2026 ikkje nødvendigvis blir ei vidareføring av den positive trenden frå i år. Skogseth ser på 2026 som eit utviklingsår:
– I tillegg til å få den nye produksjonen opp i marsjfart så må vi greie å takle stadig skjerpa krav, både når det gjeld dei fysiske produkta og alt «rundt» leveransen – frå digital produktinformasjon til det som av og til kan opplevast som litt meiningslaus berekraftsrapportering.
For ei lita produksjonsbedrift er dette krevjande, og derfor er dei glade for å vere ein del av det nye Opn Group-fellesskapet. I Opn er fleire av landets leiande aktørar innan dører og lås og beslag samla, og dette gir Surnadalsbedrifta tilgang både til nye marknadar og ikkje minst spesialkompetanse på alt som gjeld dørmiljøet.
– Dette er ei spennande tid for KIAS, og vi gler oss til å skape framtida vår, saman med nye kollegaer, avsluttar Skogseth.