ANNONSE:

Strykergruppe frå Kulturskulen

Minikonsert med unge musikantar i Øye kyrkje

Torsdag 19.mai kl.18.00 blir det ein liten konsert med unge musikantar i Øye kyrkje. Vi får høyre eit variert program med orgelmusikk laga for barn av Henning Sommero.

Det er Nina Røen som trakterer orglet og spelar Hymne og Dans komponert av H.Sommero. Ho vil også spele ein Bruremarsj frå Seljord.

Nina Røen

Frå kulturskolen får vi høyre 3 unge fiolinistar som spelar saman med Synnøve Hammervold m.a. den kjende Kanon i D av J.Pachelbel og 2 kjende koralar .

Eiri Lysø og Hedda Moen Gjerstad spelar 4-hendig på piano og Hedda syng solo og framfører m.a. den kjende irske melodien «Danny Boy» saman med strykarane og akkompagnement på piano.

Det er fint for dei unge å få spele i kyrkjerommet , og så er det ekstra trivelig om fleire tek seg tid ein liten halvtime for å høyre på dei !!

VELKOMNE !

Powered by Labrador CMS