Musikalske talenter imponerte stort

Surnadal og Rindal kulturskule leverte ein aldeles fenomenal konsert på Surnadal Kultur hus torsdag! Band etter band, som osa av både musikalitet og kvalitet, kom etter kvarandre på scena som jordbær på eit strå og leverte til gagns! Det gror virkeleg godt i musikkmiljøet i dalføret!

Publisert Sist oppdatert

Først ut var det debuterande bandet med det velklingande navnet « The Lame Flamingo Kings». Dei gav oss tre låter som det virkeleg svingte av! Lite debut-nervar og spora! Bandet bestod av Nina Røen, piano, Sunniva Fiske, vokal, Simone Akrim, gitar, Henrik Bergheim, slagverk samt at musikklærar Rune Dalager bisto på bass. Vi får tru vi får høyre meir frå flamingokongane framover!

The Lame Flamingo Kings

Neste band vart introdusert som «Alex1». Forklaringa på navnet må vel vera at det var musikklærar Lubomir «Alex» Aleksandrov som hadde rolla som vokalist og med seg hadde han eit alldeles ypperlig backing-band med desse elevane: Per Emil Røen, slagverk, John Stinus Bæverfjord og Fredrik Garthe, gitar. Dei spelte den kjente Creedence-låta «Cottonfields».

Alex1

«Alex2» var neste band ut. Dei spelte låta «Ain`t nobody» som lèt fortreffeleg og desse elevane var med: Eirik Lediard, slagverk, Johanne Holten, gitar/vokal, Jo Lasse Bøe, bass

Alex2

Neste band ut bestod av elevar frå Rindal. Dei ville ikkje vera dårligare og knalla like godt til med dei to rockelåtane «21 guns» og «Human» Dei som var med var: Uma Børset Bekken, gitar, Bastian Børset Bekken, slagverk, Daniel Løset, gitar, Mona Løften, vokal/gitar

Rindalsbandet

Etter det entra eit gitarbasert band scena. Dei gav oss The Shadows-klasikaren «Apache». Nydeleg samspel og klimpring av høg klasse! Desse var med: Nicolas Bæverfjord, lead gitar, Olav Gjerstad Lindvåg, kompgitar, Ingebrigt Kvendset Bergli, slagverk, Jo Lasse Bøe, bass

Gitarbasert band

«The Undecided» gav oss deretter fire låter og avslutta med «Hotel California». Der viste gitarist Olav Gjerstad Lindvåg meget gode ferdigheiter på Fender,n sin! Well played, mister Lindvåg! Bandet bestod av Karianne Holten, vokal/gitar, Erling Waag, slagverk i tillegg til Olav Lindvåg. Bra levert!

The Undecided med gitarist Olav Lindvåg

Bandet «Echo» var neste ut og dei varta opp med fire låtar, inkludert ei dei hadde laga sjølv. Den hadde fått navnet «Drømmen om ei ungdomstid» og teksta omhandla den vanskelege tida pandemien har skapt. Dei spelte òg Twisted sisters «We`re not gonna take it» og vokalist Ida Moe sende samstundes eit stikk til Putin! Bandet besto av Ida Mo, vokal/gitar, Jo Lasse Bøe, gitar, Johanne Holten, tangenter/kor, Sigve Holten, slagverk

Echo

Avslutniga av konserten blei besørga av bandet «DeSign». Og for et band! Dei leverte eit forrykande show med den aldeles strålande vokalisten Ellen Fiske i spissen! Dei gav oss fire krutgode låtar og sende oss i salen ut i den forholdvis milde mars-kvelden med både ståpels og vassflogne augo! Kanonbra levert!

DeSign
Ellen Fiske

Vi gler oss allereie til neste konsert og vonar fleir enn dei rundt hundre frammøtte kjem neste gong, for dette er eit «must» for kultur- og musikkinteresserte!

Stor takk til både elevar og tilsette ved Surnadal og Rindal kulturskule!

Powered by Labrador CMS