Tom Godtland, Rindal Næringsforum og Morten Møller, Rindal kommune ønsker deg velkommen til Kulturvøkku 2021!

Kulturvøkku 2021 nærmar seg

For andre år på rad får vi ei nedtona Kulturvøkku i Rindal, men det blir mykje kultur i Rindal dagane frå fredag 25. juni til søndag 4. juli, og det blir Torgdag lørdag 3. juli.

Publisert Sist oppdatert

Torgdagen lørdag 3. juli blir det mest omfattande arrangementet. Den vil foregå i Rindal sentrum frå Rutebilstasjonen (parkering) til Villa Vestheim med boder for mesta 60 utstillarar! Det blir også arrangert eit Rebusløp i sentrum i regi av Rindal Næringsforum.

Strenge koronareglar gjeld: 1 meters avstand, spriting og handvasking, og kjem du frå by eller bygd med strengare reglar, så skal du følgje restriksjonane heimafrå!

Det stilles og krav om å registrere kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til det. Det kan gjerast digitalt med scanning av QR-kode, eller skriftleg på liste fleire plassar på området.

Vakter i gule vestar vil sjå til at det ikkje samlar seg for mykje folk på kvar plass.

Det blir ingen scene, og sitteplassane blir spreidde.

- Vi følgjer dei smittevernråda vi har fått, men til slutt er det likevel kvar einskild som må ta ansvar, seier Tom Godtland, ledar for Rindal Næringsforum.

Tom Godtland og Morten Møller ønsker seg gode, varme dagar under Kulturvøkku 2021.

- Kulturvøkku 2021 opnar med ein alternativ bøgdakveld fredag 25. juni i Torshall, fortel kulturledar Morten Møller. Liksom dei andre innadørsarrangementa blir det redusert innslepp av publikum.

I løpet av veka blir det to opne kunstutstillingar, kunstauksjon og tre foredrag, mellom anna presentasjon av ei bok om Landsemski, som kjem snart.

Elles i veka blir det kyrkjekonsert, husmøte, kulturvandring, quiz og tunmesse.

Sett av dagane og følg med for nærare presentasjon av programmet her på Trollheimsporten!

Powered by Labrador CMS