Vampkonsert:

Trollbatt publikum

Vamp i storform trollbatt dei rundt fem hundre som hadde teke turen til museet i Rindal lørdag kveld! Dette var sjølve hovedkonserten under årets vandrefestival, og eg trur ingen gjekk skuffa frå museumsgardsplassen denne fine augustkvelden!

Publisert Sist oppdatert

Etter at festivalgeneral Tom Godtland hadde introdusert bandet, sette Vamp i gong ein konsert som det antageligvis ikkje vore makan til i Rindal i nyare tid!

Tom Godtland introduserar bandet
Tom Godtland introduserar bandet

Allereieopningslåta, «13 humler», fekk vi prov på kva vi hadde i vente! Jan I. Toft er ein fenomenal vokalist som lever seg inn i teksten og songenein heilt spesiell måte, noko som løfter opplevelsen for publikum! Tofts vokal, kroppsføring og humoristiske innsmett gjorde konserten ekstra minnerik.

Jan Ingvar Toft som tryller for publikum
Jan Ingvar Toft som tryller for publikum

Vamp hadde en meir lavmælt og akustisk framtoning enn tidligare konsertar eg har vore så heldig å høyrd tidligare, men det gjorde det heile berre meir interessant og vakkert!

Odin Staveland
Odin Staveland
Øyvind Staveland og Jan Ingvar Toft
Øyvind Staveland og Jan Ingvar Toft
Øyvind Staveland
Øyvind Staveland

Bandet oste av kvalitet og bestod av: Øyvind Staveland, fele/fløyter, Jan Ingvar Toft, gitar og song, Odin Staveland, slagverk/piano/trekkspel/song, Stian Tønnesen, gitar, Kjetil Dalland, bass og Lars Eirik Støle på tangentar.

Då publikum hadde aplaudert bandet inn att, spelte bandet «Liten fuggel» og «Månemannen» som ekstranummer, kanskje dei to mest kjende Vamp-låtane, itillegg til «Tir na noir»,sjølvsagt, som bandet tok tidligare i konserten.

Etter ein flott konsert og masse folk, kan ein håpa på at museet blir benytta til konsertarena ved seinare anledningar òg! For dette fungerte ypperleg!