En mann som spiller saksofon, og en som spiller flygel.
John Pål Inderberg og Henning Sommerro i kjent stil på scenen.

John Pål Inderberg fekk Kleivaprisen, og Tordenskjold Songlag får midlar frå Kleivafondet 

Årets Kleivakveld måtte flyttast innadørs på grunn av surt og kaldt vêr, men programmet vart gjennomført på tradisjonelt vis, med utdeling av Kleivaprisen som eitt av høgdepunkta. Årets Kleivapris gjekk til John Pål Inderberg. I år blir det delt ut midlar frå Kleivafondet i tillegg. Desse går til Tordenskjold songlag, og tildelinga skjer på sommarens sommarstevne.

Publisert Sist oppdatert

Kvart år deler formannskapet i Surnadal ut Kleivaprisen, som er Surnadal kommune sin kulturpris. I tillegg blir midlar gjennom Kleivafondet delt ut år om anna, når det har vore gode renteinntekter. I år, når Vårsøghelga feirar 30 årsjubileum, blir det delt ut både Kleivapris og midlar frå Kleivafondet. Dette skjedde laurdag kveld på Kleivakvelden i Vårsøghelga.

Kleivakvelden blir vanlegvis arrangert på Kleiva, ved heimen til Hans Hyldbakk, men denne gongen var vêrmeldingane så dårlege at arrangementet vart flytta inn i kulturhuset.

I formålsparagrafen for Kleivafondet står det mellom anna at fondet skal; (…)«Fremme kulturelle og lokalhistoriske formål(…) unntatt fotball og stjerneidrett»

Både tildeling av midlar gjennom fondet og utdeling av Kleivaprisen er ei anerkjenning for dei som får denne merksemda. Det vil ikkje gjere dei rike på gods eller gull, men løfte dei fram som dei gode kulturberarane dei alle er, på kvart sitt vis. 

Vinnaren av sjølve Kleivaprisen kan halde varmen i godstolen i mange år framover. Det er den lokale handtverkaren Inger Haugen som har vevd og sydd alle skinnfellane som er sjølve prisen. Det har blitt 27 skinnfellar til no, og hundrevis, kanskje tusenvis av timar i vevstolen. 

Når det gjeld Kleivafondet, så vil ordføraren vil stå for utdelinga av diplom og 10 000 kronar under opninga av songarstemne i Surnadal i sommar. Det er altså Tordenskjold Songlag som får dette, for gjennomføring av Songarstemne 13. – 15. juni 2025. 

Kleivaprisen vart delt ut av skodespelaren og musikalartisten Karianna Sommerro, sist sett på fleire scener i Trøndelag som An-Magritt. 

– Vi som er frå Surnadal veit godt kven Karianna er. «Bygdebok-messig» så kjem anane hennar frå Halsa og frå gardsbruk 35.11 her på Skei. Begge foreldra er solide kulturberarar, og her har nok både arv og miljø slått kraftig inn, for Karianna står solid og støtt på sine eigne kulturelle bein, sa kulturleiar Lilli Husby, før ho ga ordet vidare til Karianna Sommero.

Kleivaprisen 2025 Kleivaprisen har vore utdelt sidan 1998. Diktet «Vårsøg », frå fredsvåren 1945, er 80 år. 

– Vi har hatt 30 år med Vårsøghelger og det er vår-grønt i mai! - Og akkurat i år tenkjer eg at formannskapet har teke eit sprekt val, sa Sommerro, og heldt fram:

– Så kven er det i år som når opp i det gode selskap? Det gode selskap av; Sommerro, Brørs, Røen, Gravvold, Bøe – det var ei oppramsing av dei fem første. Denne lista fortsett med popband – skodespelarar – eldsjeler – kulturpersonlegdomar – eiegode Kirsti og Holger, forfattarar, dirigentar, revystjerner, ei internasjonal operastjerne, sjølvaste arrangørane av Vårsøghelga osb., osb. 

Årets prisvinnar er ikkje kjent for verken å drive med fotball eller stjerneidrett! Men vedkommande er kjent for å fremje og å formidle kunst og kultur, - sidan 70-talet. Det er om lag 30 år sidan Surnadals publikummet først møtte prisvinnaren, og sidan har surnadalingane adoptert han. Han har bidrege med kultur i Surnadal like lenge og har vore med på å gjere arva etter Hans Hyldbakk kjent over heile landet. Prisvinnaren er altså godt kjent i Norge og har også samarbeidd med mange internasjonale artistar. 

– «Det har utvikla seg mange «Surnadalsvener» på grunn av årets prisvinnar» vart det sagt om ein prisvinnar for nokre år sidan – det gjeld òg i år! Her ikring er han kjent for, i tillegg til sine superbe kunstnariske kvalitetar, å setje seg inn i den dags aktuelle samfunnsutviklinga i Surnadal og presentere den for publikum, på ein - ikkje alltid like lettforståeleg måte, sa Karianna Sommerro.

Prisvinnaren er elles kjent for å vere ein framifrå formidlar som dyrkar samarbeid og elskar å sjå nye artistar utvikle seg, og at dei (som han) skapar nye ting gjerne på tvers av sjangrar. Det er uttala om prisvinnaren at han er: «… ein fantastisk ressurs som betyr mykje for sin heimplass…» Han er ein stor kunstnar, og når han står på scena (og det gjer han ofte), så hever han dei han musiserer med - enten dei er amatørar eller profesjonelle. 

Som kunstnar og pedagog av verdsformat reiser han jorda rundt - og kjem alltid tilbake til Steinkjer og er jordnær og triveleg. Han tar ikkje av eller blir høg på pæra, men er samtidig veldig bevisst seg sjølv, sin eigen kunst - og andre sin kunst. Han trekker med seg verda heim til Steinkjer. 

Årets prisvinnar vart født i 1950, han er utdanna innafor klassisk musikk. Han har jobba på Musikkonservatoriet sidan 1978, og vart sjølvskriven på jazzlinja når den vart oppretta. I dag er han professor emeritus på NTNU jazzlinja. Han har delteke på alle Vårsøghelger, unntatt ei, sidan oppstarten i 1995, gjennom sitt samarbeid med Henning.

Andre han har samarbeidd med er mellom anna Stage Dolls, Dum Dum Boys, Hans Rotmo, Tre små kinesere, Flettfrid Andresen, Chick Corea, Chet Baker, Lee Konitz og fleire hundre, kanskje tusen andre. 

Dei siste åra har Steinkjerpatrioten hatt stor fokus på arbeidet med det nye kulturhuset i Steinkjer, og spesielt rommet som er kalla Steinkaret. Dette rommet er ein immersive arena, noko som kan omsetjast til «eit altomsluttande rom». Når du står i det rommet fortel veggar og golv ei historie, denne historia endrar seg ut frå kva du gjer, om du trør på merker i golvet eller tek på veggane. Dette er eit magisk rom både for barn og vaksne der du i nokre minutt er i ei verd der du saman med dei andre i rommet påverkar formidlinga og opplevinga. Slike rom finns det få av i verda og difor utfordrar det dei kreative miljøa i regionen, slik at det blir skapt nye spennande opplevingar for dei lokale, men og for besøkande. Alle skulle hatt eit slik rom, av rom av uendelege moglegheiter! 

Det er og sagt om prisvinnaren at: «Han har fleire gonger skapt ny musikk inspirert av Hilmar Aleksandersen og andre tradisjonar som finst i området. Han tek tak i det som har eksistert her frå før, vidareutviklar det - gir oss nye perspektiv på det - og får fortid, notid og framtid til å henge saman på ein god måte som kan løfte både enkeltpersonar og samfunnet». 

Karianna Sommerro avslørte vinnaren slik:

– I år har Kleivakongen kviskra til meg, at årets prisvinnar er utnemnt som ambassadør for Kleivakongen si eiga regjering for det arbeidet han gjer med å: 

a) å gi Kleivakongen sitt folka, altså publikum, gode kulturelle opplevingar. 

b) å presentere arva etter Kleivakongen, både i Norge og internasjonalt 

c) å få fortid, notid og framtid til å henge saman på ein god måte som kan løfte både enkelt personar og samfunnet - fordi det treng vi meir av over alt! 

Kleivaprisen 2025 går til jazzmusikaren, saksofonisten, komponisten, arrangøren og ikkje minst pedagogen John Pål Inderberg!

To menn og to damer på en scene.
John Pål Inderberg mottok Kleivaprisen. F.v. prisutdelar Karianna Sommerro, Lilli Husby, og Henning Sommerro ved flygelet.
En mann som snakker i mikrofon på en scene, og en annen mann ved et flygel.
John Pål Inderberg, årets vinnar av Kleivaprisen. Bak, ved flygelet, skimtar vi hans mangeårige musikalske samarbeidspartnar Henning Sommerro.
Powered by Labrador CMS