ANNONSE:

Den fabelaktige Amèlie fra Montmartre

Ein godtepose av eit filmrepertoar

Seniorfilmklubben inviterer til noko heilt fabelaktig, og Surnadal kino krydrar resten av veka med krutsterke opplevingar.

«Den fabelaktige Amèlie fra Montmartre», som Seniorfilmklubben viser, er ein fransk «feelgood-film» frå 2001. Lett og leiken – og fargebruken gjer den til ein fryd å sjå! Amèlie bur åleine i Paris og leitar etter den eine, og kjem tilfeldig over ein underleg skrue i same situasjon. Men filmen har også mange sidehistorier prega av humor og drypp av livsvisdom.

Filmen var nominert til fem Oscars, men vart ikkje invitert til Cannes. Det angrar kanskje filmfestivalen på, for filmen vart ein publikumsslager – og verkar like forfriskande i dag som da.

«Den fabelaktige Amèlie fra Montmartre» blir vist onsdag 1. februar kl. 12, men er ikkje den einaste filmen som inviterer til fargerike kino-opplevingar på dagtid i månadsskiftet: Den norske kritikarsuksessen «Munch» blir vist både dagen før og etter Amèlie, og da kl. 13. «Munch» blir også vist onsdags kveld og veka etter. Storfilmen om Edvard Munch har fått svært gode kritikkar etter premieren no på fredag.

Munch

Men filminteresserte bør også merke seg at gretne Tom Hanks kjem innom kinoen og brummar tysdag 31.01 kl. 18. «A Man Called Otto» er ein amerikansk versjon av «En mann ved navn Ove» og er så annleis enn originalen at den er verdt å få med seg.

Luna (Christiana Montoya) og Abbie (Alessandra Perez) og Otto (Tom Hanks) ser man i filmen A MAN CALLED OTTO.

Torsdagskvelden går filmeposet «Babylon» – ein orgie av, og i, ein film på alle vis. Stjerner som Brad Pitt og Margot Robbie tek oss med tilbake til 1920-talets dekadente Hollywood – og du trur det ikkje før du får sjå det: «BABYLON er en snedig storfilm som er så mye forskjellig på en gang at jeg fremdeles jobber med å fordøye alle inntrykkene», skreiv NRK sin meldar. Og terningen landa på fem, som med så mange av dei andre kritikarane.

Margot Robbie spiller Nellie LaRoy i Babylon
Folk og røvere i Kardemomme By

Fire veldig gode filmval, og i tillegg blir det siste sjansen for å få med seg «Folk og Røvere i Kardemomme By» (søndag 29.01 kl. 17 og onsdag 01.02 kl. 18) og «Avatar: The Way of Water» (søndag 29.01 kl. 19).

Powered by Labrador CMS