Puslar du?

Puslespel treng ikkje vere puslete

Etter 10 månaders arbeid vart puslespelet med Manhattens skyskraparar ferdig montert på veggen hos Elsa og Jan Sturla Jensvold i Rindal.

Publisert Sist oppdatert

Puslespel har vore hobbyen til Elsa Jensvold heilt sidan barndommen, men dette prosjektet er personleg rekord så langt. 32 000 bitar var pakka i posar på 8 000, nok til kvart av dei 8 felta bildet var oppdelt i.

Jan Sturla innrømte at han hadde andre puslerier, som vi kjem tilbake til, men han hadde støtta prosjektet psykisk, og så hadde han vore aktivt med på monteringa.

Elsa fekk puslespelet (som ikkje er så puslete) hos ungane sine, som hadde funne det på finn.no. Det var lagt ut gratis av nokon som hadde møtt veggen alt med første posen.

I februar i 2020 tømte Elsa den første posen med 4000 puslespelbitar ut over det store langbordet i heimen familien Jensvold har skapt seg i huset som tidlegare var Lomundsjø skule. Og målet var klart: dekke ein av veggene i sokkelen, tidlegare gym-sal.

Den veggen var akkurat passe stor til dette puslespelet på 192 cm x 544 cm! Ta fram tommestokken og mål opp 5 meter og 44 cm på stuegolvet ditt!

Rom med utsikt.

Det er ikkje mange privatbustader som har plass til eit så stort puslespel på veggen. Vindu eller dører kjem nok i vegen, men så er ikkje Lomundsjø skule bygd som bustadhus. Familien Jensvold har bygd om mesteparten av huset til familiebustad, men gym-salen var altså ledig til dette prosjektet.

Når puslespelet skulle overførast frå bord til vegg, vart bitane ført over på A3-ark og påsmurt to lag spesiallim på framsida slik at bitane hang saman. Til kvart felt på 4000 bitar, trongs det 10 ark. Dermed vart det 80 A3-ark som fekk tapetlim på baksida og så forsiktig vart lima opp på veggen.

Jan Sturla anslår monteringa til om lag 10 timars arbeid.

Heilt på slutten av puslinga oppdaga Elsa at det mangla ein bit! Løysinga på det vart å lage ein bit som passa.

Dette er eit puslespel frå Elsas barndom. Det har ho lagt om og om igjen mange gonger og konkurrerte med seg sjølv om å legge det fortast muleg. Vi ser at det er slitt og manglar to bitar.

I trappeoppgangen finn vi dette fantastiske bildet, pusla saman av 6000 bitar. Det var det første bildet dei monterte på plate og hengte på veggen.
På eit av soveromma hang dette bildet med 5000 bitar.
Dette store puslespelet er laga av eit svært flott bilde som viser mange detaljar i dei store bygningane. Det er langt ned til gatenivå, og sollyset spelar fint på høge bygningar i ulik stil. Mange vil nok kjenne fleire av bygga på bildet.

Bak MetLife-bygget ser vi Crysler Building frå 30-åra, og bak, midt på bildet ser vi Empire State Building med sine 103 etasjar.

Så litt til Jan Surla sin hobby: Lego – Lego Technic!

Neste prosjekt er i denne eska, og krana så stor som Jan Sturla viser på bildet.

Dei fleste av desse produkta har motor og 6-8 batteri. Barnebarn likar å styre med desse avanserte leikene.

- Når ein begynner med Lego, så blir ein aldri ferdig, seier Jan Sturla Jensvold.

Pusling med vanleg Lego blir ikkje det same etter å ha sett desse konstruksjonane!

Vi veit at mange som ikkje driv med strikking, har satsa på pusling i desse koronatidene.

Vi ønsker Jensvold og alle andre lykke til med vidare pusling!

Powered by Labrador CMS