Surnadalshandballen mot nye høgder!
Måndag ettermiddag hadde Handballgruppa i Surnadal IL kalla inn til pressetreff for å fortelje om sitt treårige prosjekt for å fremje handballen i Surnadal, og at dei som ein del av dette prosjektet, har inngått ein samarbeidsavtale med Byåsen Elite.
Handballgruppa håper at denne avtalen kan vere med på å nå måla i prosjektet, og at dei på litt sikt kan få fleire barn og unge til å velje handball. Eit anna mål handballgruppa har, er å kunne stille eige seniorlag att om ikkje så alt for lenge.
- Det er spesielt innafor handball for gutar er spesielt låg, med berre eitt einaste lag for niåringar denne sesongen. Men vi kunne også ha tenkt oss betre rekruttering på jentesida, så vi håper dette prosjektet vil auke rekrutteringa, sa Karina Wigum.
- Vi ønsker å understreke at hos oss er alle velkomne og alle er like viktige, så vi oppfordrer både jenter og gutter til å komme for å prøve handball, la ho til.
Surnadal hadde i mange år mange handballag og spelarar som heldt eit høgt nivå. Reduserte barnekull og konkurranse frå andre idrettar og aktivitetar gjer at det i dag er færre som spelar handball, noko det treårige prosjektet til Handballgruppa har som mål å gjere noko med.
Dette er bakgrunnen for at Handballgruppa har starta prosjektet og at dei valte å inngå avtale med Byåsen Elite og deira Rema 1000 Akademi, er at dei har ein klar filosofi om å satse ute i distrikta for å styrke handballen lokalt og regionalt. Det var under 80-årsjubileet til Surnadal i november at dei første samtalane om eit mogleg samarbeid og ein avtale vart lansert.
Avtalen gjeld for eitt år om gongen, men kan fornyast for eitt år om gongen.
- Vi i Byåsen Elite har et klart mål at vi skal jobbe ute i distrikta, for på den måten i størst mulig utstrekning å kunne trene barn og unge der de bor, sa Asgeir Hatlen frå Byåsen Elite og leder for Rema 1000 Akademiet.
- Derfor ønsker vi å ha gode klubbavtaler med klubber som for eksempel Surnadal. Jeg husker godt den tida Surnadal var en «stor» håndballkluɓb på 80 og 90-tallet, så her er det mye håndballkunnskap og entusiasme å bygge videre på, la han til.
Samarbeidsavtalen inneber at Byåsen Elite, ein gong i månaden, kjem til Surnadal med to trenarar. Det blir trenarane i Surnadal som vil legge opp kva dei ønsker å trene på under desse treningane.
Bilde: Handballtrening – Sjølv om det var vinterferie, så var det mange som møtte opp på trening.
- Fordelen med dette er at absolutt alle spillerne i Surnadal på denne måten får nyte godt av disse treningene, og ikke bare noen få som blir tatt ut til samlinger og lignende. Dette vil være en stor fordel både for spillere, trenere, støtteapparat og styret. Dette vil utvikle både spillere og trenere på en positiv måte, sa Hatlen.
- Husk at dette vil være en tosidig læringsprosess, både for Surnadal, men også for oss i Byåsen Elite, avslutta han.
Liv Dalsegg og Kristin Hamnes frå SpareBank 1 Nordmøre, som er ein av to samarbeidspartnarar for prosjektet, var med på pressetreffet. Den andre samarbeidspartnaren er Brannkassen.
- Eg spelar sjølv handball, er trenar, og eg kan love at det er kjempeartig med handball, så berre kom og bli med!, sa ei entusiastisk Kristin Hamnes.
- Dette er et interessant prosjekt retta mot aktivitet for barn og unge, så dette prosjektet var det lett å si ja til å bli med å støtte, sa Liv Dalsegg.
- Vi har tru på at dette kan løfte handballen i Surnadal mot nye høgder, la ho til.
Etter pressetreffet var det klart for trening med dei to trenarane frå Byåsen Elite, og sjølv om det var vinterferie, så var det mange spelarar som hadde møtt opp for å vere med å trene.
- Så dette viser med all tydelighet at det er veldig mange ivrige håndballspillere i Surnadal, men som vi allereie har sagt før, så er det plass til mange flere, avrunda ei godt nøgd Eva Kristin Solli, ei av mange trenarar i Handballgruppa i Surnadal IL.