Unge nordvikgardingar laga gudsteneste saman med Torbjørn prest og Bernt organist.

Advent med atmosfære på Nordvik

Advent på Nordvik Grendahus har atmosfære! Det merka vi da Nordvik Forsamlingshus hadde adventsgudsteneste søndag Torbjørn Brøske hadde øvd opplegg, lesingar og bønner med dei yngste. Dei tente adventslysa og røpa elles både klokkar- og prestetalent, som han sa etterpå.

Publisert Sist oppdatert

Samhandling er varemerke når grendene arrangerer. Foreldre og andre vaksne organiserer og tilrettelegg. Juletreet lyser opp, og frå kjøkenet duftar det «kyrkjekaffe». Presten summerte i talen sin kva namnet «Jesus» betyr - i full breidde. Allsongen fekk fram at advent varslar jul.

Julverset i eldste noteutgåve Musikken på trøorgelet var så kortreist som muleg: Bernt Bøe spela «Julverset» slik Kristian Halse skreiv det opp i Nistua på Nordvik i 1902. – Dette er eldste noteversjonen som finst, og den vart godkjend av tippoldefar din, sa Bernt til Kristoffer (Kekke) Nordvik, som sat i forsamlinga og som fekk med seg Halse-noten heim. – Verset har lange tradisjonar heime i Nistua, kommenterte Kekke. – Eg hugsar at bestefar song det kvar julekveld!

Kyrkjekaffe med Blix Kyrkjekaffen opnar ofte for hyggelege samtalar og spontane innslag. Torbjørn prest løfta fram sin yndlingsdiktar Elias Blix: - Med 33 songar i salmeboka ligg Blix stadig på bronseplassen der!

Kekke Nordvik siterte folk frå Blix sin heimplass i Nord-Norge. Enno sukkar dei over at den kjære salmepresten i si tid vart tilsidesett på grunn av fattig oppvekst.

Julverset frå Nistua på Nordvik vart nedskrive av Kristian Halse for 120 år sia. Her er Kekke og Bernt med Kristian Halse sitt korarrangement av originalmelodien

«Sæle jolekveld» av Blix vart da også ekstranummer. Og Anna Ingeborg hugsa at nettopp denne julesongen var puggelekse på Nordvik barneskule. – Så den sit godt! Gudstenesta treffer ofte folkesjela når ho er lagt til møteplassar i grendene – som på Nordvik.

Gudstjeneste i et forsamlingshus
Små og store feira adventsgudsteneste.
Powered by Labrador CMS