Surnadal/Søya/Todalen-damene imponerte stort då dei fredag ettermiddag slo 2. divisjonslaget Træff 4-1 heime på Syltøran.

Knuste Træff i underhaldande treningskamp

Damelaget Surnadal/Søya/Todalen fekk ei flott gjennomkøyring fredag, med 4-1-seier over Træff frå divisjonen over.

Publisert Sist oppdatert

Dei hundre frammøtte i publikum fekk mykje å juble for då Træff, ein motstandar Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag tradisjonelt har slite mot, kom på besøk til Syltøran fredag.

Heimelaget varta opp med mykje flott spel, og etter 23 minutt sendte Alice Eide Naustbakk blåtrøyene i leiinga:

Målet kom etter at Stine Fiske vart spelt fri ute til høgre. Ho sette fart og slo inn framfor mål, der midtspiss Naustbakk fekk dempa ballen. Med sin andre touch, på halvspretten, sette ho ballen kontrollert, høgt i mål til 1-0.

Berre minuttet etter var Mari Lie-Fjeldvær få centimeter unna å auke leiinga, men avslutninga til den unge venstrekanten gjekk på feil side av kryssfestet.

Surnadal/Søya/Todalen stilte ein sterk midtbanetrio, med Oda Bæverfjord sentralt mellom indreløparane Ane Mogstad og Ingvild Berg. Dei tre vann det meste av duellar, og var og konstruktive med ballen.

Spesielt i første halvdel av første omgang sleit Træff veldig mot tøffe og ballsikre surnadalingar, som ofte spelte opp på midtspiss Naustbakk, som la att - ofte til indreløpar Berg. Ho klarte deretter, gjentekne gonger, å stikke ballen direkte inn bak forsvaret til Træff, mellom stoppar og back.

Bakover hadde keeper Astrid Dammen Gjeldnes og det relativt rutinerte forsvaret - med Ragnhild Snekvik, Ingrid Bæverfjord, Karen Grytskog Skralthaug og Marte Nes - god kontroll.

Storesøster Bæverfjord spelte for øvrig sin første kamp på nesten tre og eit halvt år etter korsbandskaden ho pådrog seg i mars 2018.

Ingrid Bæverfjord, her i duell med Lea Hermine Fornes, spelte godt i det som var hennar første kamp sidan ho rauk korsbandet i 24. mars 2018.

Heimelaget skapte fleire sjansar til å auke leiinga si før pause.

Oda Bæverfjord var nær å leggje på til 2-0 med ei heading etter frispark frå Alice Naustbakk, som sjølv var nær ny scoring etter 33 minutt.

Avslutninga, som kom etter godt forarbeid av innbyttar Mathea Lysø, gjekk like over mål. Snaue ti minutt før pause heada Ane Mogstad like utanfor, og på dette tidspunktet var det bortimot einvegskøyring frå 3. divisjonslaget mot 2. divisjonslaget sitt mål.

Inn mot pause jamna det seg litt meir ut, og 1-0 stod seg til kvilen.

Sterk og brei stall

Ved pause og utover i andre omgang sette Surnadal/Søya/Todalen inn heile ni spelarar, og viste med det at dei, når dei stiller fullt lag, har ein både brei og veldig god spelarstall.

Mathea Lysø gav heimelaget ein pangstart då ho sette inn 2-0 etter 47 minutt. Alice Eide Naustbakk flikka gjennom til Stine Fiske, som slo inn frå høgre. Lysø kom inn frå motsett kant, og då ein Træff forsvarar var litt uheldig med klareringa si, let hos seg ikkje be to gonger. 2-0.

I det 53. minutt auka heimelagets beste for dagen, Alice Eide Naustbakk, til 3-0. Ho vart spelt opp 15-20 meter inn på Træff sin halvdel, og fekk vendt vekk forsvararen sin. Naustbakk fossa deretter mot mål med Træff-forsvararen på slep, og sette trygt inn sitt andre mål for dagen.

Alice Eide Naustbakk spelte ein kjempekamp mot Træff, og scora mellom anna to mål.

Etter 3-0 utvikla den andre omgangen seg til å bli ein del jamnare enn den første, og den vart og prega av at det vart ein del byter frå begge lag - noko som er heilt naturleg i ein treningskamp.

Mari Gjul gjorde eit friskt comeback då ho kom inn på venstrekanten, medan debutant Monta Pecina frå Latvia viste lovande takter på motsett side.

72 minutt var spelt då Ane-Elisa Hagset reduserte for moldensarane, men fire minutt før full tid sette Agnes Vikavoll spikeren i Træff-kista med eit langskot keeper så vidt fekk fingrane på, men utan å kunne hindre scoring.

Dermed enda det 4-1 til Surnadal/Søya/Todalen over Træff, som altså skal spele ein divisjon høgare enn surnadalingane når alvoret startar om rundt to veker.

Storfornøgd Rønning

Trenar Kjetil Rønning var, naturleg nok, ein fornøgd mann etter kampen.

– Dette er vi veldig godt fornøgde med. I utgangspunktet har vi ikkje fokus på resultat, men når det kjem etter så godt spel, er vi veldig godt fornøgde med både seieren og prestasjonen.

Han fortsett:

– Førsteomgangen viser at vi er eit godt fotballag. Og all ære til alle 20 spelarane i dag; vi har ni innbyttarar, som alle kjem inn - og då blir kampen stykka opp. Men dei som kjem inn gjer ein kjempejobb.

Rønning fortel at han på ingen måte er sjokkert over at laget spelar god fotball.

– Eg hadde forventa at vi skulle spele jamt med Træff, for vi veit vi er eit godt lag. Men at vi skulle vere betre enn dei, det venta eg ikkje. Dette var så fortent, det var god fotball og kjempeartig, smiler han.

I kampen mot Træff var rutinerte spelarar som Ragnhild Snekvik, Ingrid Bæverfjord og Mari Gjul med for samarbeidslaget. Rønning fortel at det er bevisst frå klubben si side å inkludere dei, og han håpar at nokon av dei meir rutinerte kan vere med og bidra av og til.

– Det er gull verdt dersom dei kan vere med nokre kampar i løpet av sesongen. Vi har eit 17-årslag, og har behov for å fordele litt speletid, så dersom dei kan bidra, om det så er to eller tre kampar, er det betre enn ingen. Difor er det så viktig å få dei i gang.

Ane Mogstad (f.v.), Alice Eide Naustbakk, Marte Nes, Mathea Lysø (skjult), Stine Fiske og Oda Bæverfjord har grunn til å smile etter Lysø si 2-0-scoring.

Har henta spelar med erfaring frå Europacup-spel

Rønning er også glad for å ha fått inn Monta Pecina i spelargruppa. Pecina, som fyller 28 år i august, vart tilsett som målar hos Snekkar & Malerservice i sommar, og har spelt for damelaget til Riga heime i Latvia. Der spelte ho mellom anna tre kvalifiseringskampar til kvinnenes Champions League i august 2018.

– Ja, ho har vist veldig gode tendensar på trening. Monta har spelt på høgt nivå i Latvia, men ikkje spelt på eit par år no, så ho kjem berre til å bli betre og betre. Ho er lettbeint og kvikk i kroppen, og vi har store forventningar til henne, seier Surnadal/Søya/Todalen-trenaren.

Han trenar laget saman med Sverre Fiske, medan Bjørn Gjeldnes er lagleiar. Surnadal/Søya/Todalen startar sesongen borte mot Molde 2 12. august.

Kampfakta:

Surnadal/Søya/Todalen-Træff 4-1 (1-0)

Syltøran stadion, fredag 30.7.21.
Tilskodarar: om lag 100
Dommar: Per Iver Skrøvset, Bøfjord IL
Assistentdommarar: Jens Olav Moe, Todalen IL og Edvard Bolme Fjerstad, Rindal IL.

Mål:

1-0 Alice Eide Naustbakk (23.)
2-0 Mathea Lysø (47.)
3-0 Alice Eide Naustbakk (53.)
3-1 Ane-Elisa Hagset (72.)
4-1 Agnes Vikavoll (86.)

Surnadal/Søya/Todalen stilte slik frå start (4-3-3, frå høgre mot venstre):

Astrid Dammen Gjeldnes

Ragnhild Snekvik
Ingrid Bæverfjord
Karen Grytskog Skralthaug
Marte Nes

Ane Mogstad
Oda Bæverfjord
Ingvild Berg

Stine Fiske
Alice Eide Naustbakk
Mari Lie-Fjeldvær

Innbyttarar:

Emilie Brøske Rønning
Ingrid Gabriella Grimsmo
Agnes Vikavoll
Mathea Lysø
Else Vaseng Kvammen
Kristin Hoston Aasen
Mari Gjul
Mathea Polden
Monta Pecina

Powered by Labrador CMS