Surnadal 2 og Søya møttes til dyst på Søyabanen søndag.

Populært seniorcomeback for IL Søya

Spelte 3-3 mot Surnadal 2 søndag kveld.

25. september 2014 vann det dåverande Søya/Todalen 4-1 over Kvass/Ulvungen i sin siste heimekamp i 6. divisjon det året.

Medan IL Søya har hatt-, og framleis har, samarbeid med Surnadal og Todalen om damelag, har det vore stilt på herresida sidan 2014-sesongen.

Unntaka er eit par sporadiske showkampar og deltaking i den uoffisielle sjuarserien Nordmøre Championship.

Det var difor tjukt med publikum då det søndag kveld endeleg var klart for kamp igjen, og med fint vêr, open kiosk og ein målrik fotballkamp vart det god stemning på Søyabanen.

Primus motor for IL Søya sitt seniorcomeback, Torgeir Kvendset, seier til Trollheimsporten at dei meldte seg til teneste då dei høyrte at B-laget til Surnadal trengte motstandar til treningskamp.

Per dags dato er det ikkje konkrete planer om seriespel for Søya, men Kvendset utelukkar heller ikkje at det kan bli påmeldt lag i 2022.

– Vi er jo ein gjeng som likar å møtast for å sparke ball. Med snittalderen på gjengen er det jo lite som tyder på ei stor fotballframtid, men somme av oss leiker jo med tanken på å kunne stille lag til seriespel neste år, seier han, og understrekar smilande:

– Men det er kanskje meir eit ønskje enn realisme.

Målet er først og framst trim for seniorar, samt å skape litt aktivitet i bygda, fortel Kvendset, som avslører at det kan verte meir herrefotball på Søyabanen i løpet av året.

– Vi håpar å få gjennomført ein treningskamp til i løpet av hausten ein gong, men vi må ha eit par veker til restitusjon først, ler han.

Når det gjeld sjølve kampen, enda den 3-3, og det var og resultatet til pause.

For Surnadal 2, som serieopnar i 6. divisjon borte mot Batnfjord 19. august, teikna Sander Dahle Fiske (straffe), Vegard Snekvik og Ole Snekvik seg på scoringslista, medan Stein Todalshaug (2) og Kjetil Rønning scora for Søya.

Laga stilte desse troppane:

Søya:

Tommy Thunestveit, Webjørn Holten, Jan Roger Finnvik, Torgeir Kvendset, Kristian Ellevset, Rolv Lysø, Odin Nes, Kjetil Rønning, Trond Blekken, Dan Blekken, Per Iver Skrøvset, Stein Todalshaug, Kristian Ansnes, Vebjørn Vang Aas, Rune Måøy, Vegard Kvande Moen og Jostein Kvendset.

Surnadal 2:

Henrik Kvande-Talgø, Espen Andersen, Mohamad Osama Hussain, Erlend Halset Ulvestad, Sander Dahle Fiske, Henrik Vattøy Solli, Alexander Hagen Ulvund, Eskil Halle, Ruben Lysø, Vidar Humberset, Ole Snekvik, Sveinung Halle, Martin Kvande-Talgø, Trym Schei Kvendset, Vegard Snekvik, Sondre Nes, Magnus Stormyr, Axel Otnes, Erling Belsås, Hans Fleischer Thøgersen, Lars Arne Lesund og Sondre Ormset.

Powered by Labrador CMS