Sikra seieren i spennande serieopning:

Glade Surnadal/Søya/Todalen-spelarar etter 4-2-seier borte mot Molde 2 i serieopninga torsdag.

Hat-trick og dobbel strafferedning gav seier i serieopninga

Surnadal/Søya/Todalen avgjorde serieopninga borte mot Molde 2 med to mål på overtid.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag var det endeleg klart for den aller første obligatoriske seniorkampen i Nordmøre og Romsdal fotballkrets, sidan sesongslutt hausten 2019.

Koronapandemien sette all seniorfotball på ei lang, ufrivillig pause, men frå og med torsdag kveld rullar altså breddefotballen for fullt igjen.

Og den første kampen i kretsen var det Molde 2 og Surnadal/Søya/Todalen i kvinnene sin 3. divisjon, som spelte.

Surnadal/Søya/Todalen kom til kampen fulle av sjølvtillit etter å ha vunne 4-1 heime mot Træff og 2-1 borte mot Orkla i dei to siste treningskampane før seriestart.

Målrik førsteomgang

Bortelaget skulle få seg ein kalddusj, då Nora Vestad Blomsnes sende Molde 2 i føringa i det tredje speleminutt. Like etter sette Andrea Eide Naustbakk ballen i Molde-målet, men til store protestar frå Surnadal/Søya/Todalen vart målet annullert.

Storesøster Alice Eide Naustbakk, som scora to mål mot Træff og eitt mot Orkla, var imidlertid og i scoringshumør på Reknesbanen i Molde.

12 minutt var spelt då midtspissen i Surnadal/Søya/Todalen sitt 4-3-3-system utlikna til 1-1, på pasning frå Ane Mogstad. Eit stort timinutt seinare sette ho like godt eit frispark direkte i mål, og dermed stod det plutseleg 1-2.

I det 30. minutt kom Træff seg rundt på venstrekanten, og tidlegare Træff-, Gossen- og Bryn-spelar Alida Hagset skaut ballen høgt i mål til 2-2.

Like før pause fekk heimelaget straffespark, men Surnadal/Søya/Todalen-keeper Astrid Dammen Gjeldnes varta opp med ei fin redning, og dermed heldt 2-2 seg til pause.

Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag 2021.

Om den første omgangen var innhaldsrik, følgde den andre opp - så til dei grader.

Då det var spelt ein time fekk nemleg Molde sitt andre straffespark for dagen, men også denne gongen redda keeper Astrid Dammen Gjeldnes, som dermed kunne notere seg for intet mindre enn to strafferedningar i ein og same kamp!

Etter 72 minutt fekk Molde-spelar Marte Silset Malmedal direkte raudt kort, då ho heldt att Mathea Lysø, som ville vore heilt åleine med keeper dersom ho ikkje vart felt.

Det påfølgjande frisparket frå 35 meter gav ikkje teljande resultat, men det skulle Surnadal/Søya/Todalen få, heilt på tampen av kampen.

Vann kampen på tampen

Med 11 mot 10 i rundt 20 minutt jaga blåtrøyene tre poeng, og heilt på tampen sette Ane Mogstad eit hjørnespark frå Alice Eide Naustbakk i mål til 3-2 til bortelaget.

På overtid sette eldstesøster Eide Naustbakk like godt spikaren i Molde-kista, då ho fastsette sluttresultatet til 4-2 til Surnadal/Søya/Todalen med ein nydeleg lobb over keeper frå bortimot 25 meter.

Etter ein slik dramatisk kamp tek, naturleg nok, dei to strafferedningane til Astrid Dammen Gjeldnes og hat-tricket til Alice Eide Naustbakk overskriftene.

Alice Eide Naustbakk (t.v.) og Astrid Dammen Gjeldnes imponerte begge stort i borteseieren over Molde 2 torsdag.

Samtidig er det liten tvil om at heile det unge Surnadal/Søya/Todalen-laget til trenarane Kjetil Rønning og Sverre Fiske og lagleiar Bjørn Gjeldnes verkeleg har vist imponerande takter den siste tida.

Molde 2 starta torsdag med fem spelarar som spelte mykje 2. divisjonsfotball før koronanedstenginga, så å starte serien med seier borte mot dei må kunne seiast å vere rett og slett imponerande.

Neste oppgåve for laget er kampen mot samarbeidslaget Bud/Elnesvågen/Bryn/Malmefjorden laurdag 21. august.

Kampfakta:

Molde 2-Surnadal/Søya/Todalen 2-4 (2-2)
Reknesbanen, 12.8.2021

Mål:

1-0 Nora Vestad Blomsnes (3.)
1-1 Alice Eide Naustbakk (12.)
1-2 Alice Eide Naustbakk (24.)
2-2 Alida Hagset (30.)
2-3 Ane Mogstad (89.)
2-4 Alice Eide Naustbakk (90.+1)

Gule kort: Ingrid Gabriella Grimsmo og Kjetil Rønning, Surnadal/Søya/Todalen
Raudt kort: Marte Silset Malmedal, Molde 2.

Surnadal/Søya/Todalen stilte slik frå start (4-3-3, frå høgre mot venstre):

Astrid Dammen Gjeldnes

Ingrid Gabriella Grimsmo
Andrea Eide Naustbakk
Ingrid Bæverfjord
Marte Nes

Ane Mogstad
Oda Bæverfjord
Ingvild Berg

Stine Fiske
Alice Eide Naustbakk
Mathea Lysø

Nytta innbyttarar:

Monta Pecina
Kristin Hoston Aasen
Mari Lie-Fjeldvær
Else Vaseng Kvammen
Agnes Vikavoll

Powered by Labrador CMS